Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor i norsk med hovudvekt på språk

Søknadsfrist: 09.02.2020

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har ledig inntil 2 stillingar stilling som førsteamanuensis/førstelektor i norsk språk

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet masterutdanningar i undervisningsvitskap (siste opptak 2019) og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i ph.d.- programmet Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i fremst i skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige samarbeidspartnarar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling

Stillinga er knytt til Instiutt for språk, litteratur, matematik og tolking. Norskmiljøet i Bergen har om lag 35 tilsette, dei fleste med førstekompetanse, seks professorar og fleire stipendiatar. Fagmiljøet er knytt til mange ulike forskargrupper, med omfattande forskingsaktivitet og utviklingsarbeid. Fakultetet har doktorgradsprogrammet «Danning og didaktiske praksisar». Norskmiljøet er i tillegg til barnehagelærarutdanninga og grunnskulelærarutdanningane for 1.–7. og 5.–10. trinn, også knytt til mastergradane i Barne- og ungdomslitteratur og Undervisningsvitskap med fordjuping i norsk fagdidaktikk. Vi gir også ei rekkje tilbod i etter- og vidareutdanning, mellom anna innanfor lærarløftet Kompetanse for kvalitet og satsingane Kompetanse for framtidas barnehage og Desentralisert kompetanseutvikling.

Arbeidsplassen er campus Bergen

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise og rettleie studentar og i denne samanhengen utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til bachelor-, master-, og ph.d.-utdanning og innanfor etter- og vidareutdanning.
  • Forsking og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttets fagområde. Fakultetet har fem strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald). Det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partar.
  • Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet

Kvalifikasjonskrav:

For fast tilsetjing som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad i norsk/nordisk, norskdidaktikk, lingvistikk eller tilsvarande.For tilsetjing som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar og tilsette er påkravd. Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga.

Undervisningsspråket er norsk, og søkarar må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk. Søkarar må meistre både bokmål og nynorsk.

Følgande tel positivt i vurderinga:

  • Kompetanse innanfor fagområdet norsk som andrespråk
  • Kunnskap om og erfaring med lese- og skriveopplæring for 1.‒10. trinn, og særleg begynnaropplæring
  • Aktiv bruk digitale verktøy i arbeidskvardagen og erfaring med pedagogisk bruk av IKT
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
  • Internasjonal erfaring

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju med prøveforelesing.

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing, må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsetjingsdato jf. nasjonale, rettleiande retningslinjer for UH-pedagogisk basiskompetanse, fastsett av Universitets- og høgskolerådet mai 2018.

Sakkunnig vurdering:

Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over arbeida dine, kor dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid, som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar verte kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er lønt etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011- førsteamanuensis / 1198 - førstelektor.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Assisterande instituttleiar Morten Rønning, tlf 55 58 59 31, e-post moro@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS