Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i kroppsøving

Søknadsfrist: 19.04.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 110 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet. Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø.

Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på alle nivå i barnehagelærarutdanninga, praktisk-pedagogisk utdanning og ved grunnskulelærarutdanningane, og bidreg i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig to vikariat som førsteamanuensis/førstelektor/høyskolelektor i perioden 1.8.2020-31.7.2021 ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillingane inngår i Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Dei som tilsettast skal kunne undervise i kroppsøving og idrett på faglærerutdanninga (bachelor) og på grunnskulelærarutdanningane (GLU 1-7 og GLU 5-10). I tillegg kan det bli aktuelt med undervisning i andre studietilbod ved instituttet avhengig av søkarens kompetanse og instituttet sitt samla behov. Instituttet er og ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet, der målet med arbeidet er å styrka barnehagens og skulens rolle som helsefremjande arena, med fokus på fysisk aktivitet, ernæring, mat og måltid, og på skulefagene kroppsøving og mat og helse. Det kan vere aktuelt at dei ledige stillingane blant anna blir retta inn mot dette arbeidet.

Følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver er relevante:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskriften
  • Bidra i og gjennomføre oppgåver knytt til nasjonalt og regionalt arbeid innan kroppsøving og fysisk aktivitet i barnehage og skule
  • Arbeidsoppgåver innan etter- og vidareutdanning, desentralisert kompetanseutviklingsmodell i skole og regionalkompetanseutviklingsmodell i barnehage, og/eller kurs og oppdragsverksemd
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen. Høgskulen har e-læring, nett- og samlingsbasert undervisning som satsingsområde, og den som blir tilsett må derfor kunne gje rettleiing og undervisning via digitale medium

Ekskursjoner er ein del av undervisninga ved instituttet og ein må ved behov delta på disse. I stillinga inngår ressurs til faglig-administrativt arbeid.

Kvalifikasjonskrav:

For tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetjing som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav. For tilsetjing som høgskulelektor må søkjaren ha hovudfag/mastergrad med gode resultat og med relevans for stillingsprofilen.

Søkjarane må ha kompetanse i kroppsøving/idrett som er relevant for å kunne undervise i kroppsøving og idrett på faglærarutdanninga (bachelor) og på grunnskulelærarutdanningane (GLU 1-7 og GLU 5-10). Fagområda vi søkjer særlig kompetanse i er nærfriluftsliv, kyst- og vinterfriluftsliv, ski og vinteraktivitet, kroppsøvingsdidaktikk, treningslære, bevegelseslære, anatomi og motorikk.

Undervisingspråket er normalt norsk. Søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk, og i tillegg må søkjarar kunne gje undervisning på engelsk.

Den som blir tilsett må ha evne til både å arbeide sjølvstendig og saman med andre, ta ansvar, vise initiativ og ha gode formidlingsevner. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga.

Følgjande tel positivt i vurderinga

  • Undervisningserfaring i faget kroppsøving
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
  • Relevant erfaring frå idretten, friluftsliv og/eller treningssenterbransjen.
  • Erfaring frå skulerelatert fagleg utviklingsarbeid, undervisning, rettleiing og leiing
  • Erfaring med digitale verktøy

Aktuelle kandidater til stillinga vil bli innkalt til intervju.

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/ førstelektor /høgskulelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen. Som vedlegg till søknaden må søkjarar også laste opp attestar og vitnemål. Søknaden må også innehalde vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198/ 1008. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson(-ar) ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Instituttleiar Frode Fretland, tlf 57 67 63 78

2) Assisterande instituttleiar Ingrid Leversen, tlf 55 58 75 33

Søk stilling

Powered by Labrador CMS