Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskolelektor i musikkpedagogikk / Community Music

Søknadsfrist: 01.03.2020

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil to mellombelse stillingar som førsteamanuensis/ førstelektor / høgskulelektor i musikkpedagogikk/Community Music ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for kunstfag har 70 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fagområda omfattar musikk, drama og anvendt teater og kunst- og handtverk. Instituttet tilbyr utdanningar på bachelor, master, årsstudium og etter og videreutdanning-nivå. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt, og vere ei drivkraft for utvikling av kunstfag på høgt nivå og med klar relevans for barnehage, skule og kulturfeltet.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt.

Stillingane inngår i Instiitutt for kunstfag. Tilsettingsperioden er 1.8.2020 - 31.7.2021.

Arbeidsstad for stillingane er campus Stord.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til bachelor-, masterutdanninger.
  • Det er aktuelt med arbeid på både Community Arts studiet, faglærar i musikk, årsstudium/GLU/BLU.
  • Kompetanse innanfor musikkpedagogikk og didaktikk i skule og barnehage, digitale verktøy/musikkteknologi, community arts, rytmisk musikk, ensembleleiing, vokalarbeid og/eller komponering og arrangering er ynskjeleg.
  • Aktivt bruke digitale verkty i arbeidskvardagen.

Kvalifikasjonskrav:

For tilsetjing som førsteamanuensis må søkar ha avlagt minimum doktorgrad i musikkpedagogikk, musikkvitskap eller liknande, eller innanfor eit område med relevans for community music. For tilsetjing som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis. For tilsetjing som høgskulelektor må søkar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat og med relevans for stillingsprofilen.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Følgande teller positivt i vurderinga

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning (stryk eller legg til)
  • Internasjonal erfaring

Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/ førstelektor /høgskulelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førstelektor, stillingkode 1198 førstelektor eller stillingskode 1008 høgskulelektor. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV'en.

Kontaktperson(-ar) ved Høgskulen på Vestlandet:

  • Fagkoordinator musikk campus Stord, Åsmund Espeland, Tlf.: 996 29 305
  • Instituttleiar, Oden Ben-Horin. Tlf.: 415 77 145

Søk stilling

Powered by Labrador CMS