Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet
Førsteamanuensis / førstelektor i spesialpedagogikk
Søknadsfrist 07.04.2019
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil to faste stillingar frå 01.08.19 ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, på Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag.
Om stillingane:
Vi søkjer personar som kan bidra med fagleg, kreativ og innovativ kompetanse innretta mot arbeid i skule og barnehage. Den eine stillinga kan eventuelt delast i deltidsstillingar. Stillingane har arbeidsstad ved campus Sogndal. Det må påreknast noko reising i stillingane.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillingane vil primært bli knytt til arbeid i pedagogikk og spesialpedagogikk i grunnutdanningane, masterutdanningane og etter- og vidareutdanningane ved instituttet. Arbeidsoppgåvene vil vere forsking, undervisning, rettleiing, vurdering og anna oppfølging av studentar.
Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
Arbeidsoppgåvene inneber også deltaking i fagleg og administrativt arbeid på instituttet. Nokre av undervisningsoppgåvene kan bli knytt til samlingsbaserte studium og vil medføre noko reising.
Avhengig av søkjarane sin kompetanse og instituttet sitt behov vil oppgåver og ansvar bli avtala nærmare.
Kvalifikasjonskrav:
- Søkjarane må ha doktorgrad eller kompetanse som førstelektor (på nivå med norsk doktorgrad) innanfor pedagogisk eller psykologisk fagområde
- Søkjarane må ha kompetanse innafor undervisning
- Søkjarane må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk, samt kunne bruke engelsk skriftleg og munnleg
- Søkjarane må ha gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar og kunne arbeide sjølvstendig
Følgjande vil telje positivt i vurderinga:
- Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt
- Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
- Internasjonal erfaring
Aktuelle kandidatar blir innkalla inn til intervju med prøveforelesning. Søkjar må oppgi i søknaden kva stillingsstorleik ein ynskjer.
Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129
Høgskulepedagogikk/ rettleiing:
Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing, må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.
Sakkyndig vurdering:
Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og inntil 5 vitskaplege arbeid. Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.
Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Moglegheiter for trening i arbeidstida
- Moglegheiter for dekning av flyttekostnader jfr. Særavtale om dekning av flyttekostnader
Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at jfr. offentlegheitslova kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.
Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.
Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.
Kontaktpersonar på Høgskulen på Vestlandet:
- Assisterande instituttleiar Erik Bulie, tlf. 53491415 eller ebu@hvl.no
- Dosent Kirsten Flaten, tlf. 57676147, eller Kirsten.Flaten@hvl.no