Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor landskapsarkitektur

Søknadsfrist: 01.09.2019

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for Ingeniør- og naturvitskap har ledig stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i landskapsarkitektur med oppstart hausten 2019.

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 270 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi. Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.


Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning i Florø, Kristiansund og på Stord.


Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.


Institutt for miljø- og naturvitskap har om lag 250 studentar og 40 tilsette frå 12 nasjonar. Instituttet tilbyr bachelorutdanningar i fornybar energi, geologi og geofare, og landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, masterprogram i Climate Change Management, og semesterprogramma From Mountain to Fjord og Geohazards and Climate Change. Forskinga femner om tema som; energisystem og produksjonsteknologiar, energiøkonomi, berekraftig utvikling, klimaendringar, bre-dynamikk og hydrologi, skred og flaum, berggrunns- og strukturgeologi, økologi, forvaltning og skjøtsel av kulturlandskap, og arealbruk og landskapsøkologi.

Stillinga er lagt til Institutt for miljø- og naturvitskap ved Campus Sogndal. Instituttet har 40 tilsette frå elleve nasjonar og driv undervisning og forsking i geologi, økologi, fornybar energi, planlegging og berekraftig utvikling. Vi kan tilby spennande forskings- og utviklingsarbeid i skjeringsfeltet mellom planlegging, økologi og landskapsarkitektur.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett i stillinga skal undervise på bachelorstudiet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, og undervise i emne som Rom og design, Landskapsinngrep, Grønstruktur og urban vegetasjon og rettleie studentar på bacheloroppgåver. Til stillinga ligg også utviklings- og forskingsarbeid i skjeringspunktet mellom landskapsarkitektur, landskapsplanlegging og økologi

Kvalifikasjonskrav:

Vi søkjer ein person med kompetanse i landskapsarkitektur. For tilsetting som førsteamanuensis er kravet doktorgrad. For tilsetting som førstelektor må NOKUT sine krav til førstekompetanse vere dokumentert. For tilsetting som høgskulelektor er kravet mastergrad. Vi er særleg interessert i søkarar med kompetanse i skjeringsfeltet mellom landskapsarkitektur og økologi, og interesse for biologisk mangfald og berekraftig planlegging og utvikling.

Anna kompetanse som vil bli vektlagt:

  • Erfaring frå prosjekteringsarbeid.
  • Undervisningserfaring frå universitet eller høgskule.
  • Interesse og erfaring frå forsking.
  • Erfaring og kompetanse i bruk av digitale verktøy som AutoCAD, Civil 3D, BIM
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Søkjaren bør skissere aktuelle forskingstema i søknaden.

Personlege eigenskapar:

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som samarbeidsevne, fleksibilitet, evne til å ta initiativ og engasjement.

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.

Språkkunnskap:

Undervisningsspråket er norsk og engelsk. Søkjarar som ikkje beherskar norsk eller eitt anna skandinavisk språk må forplikte seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring innan to år frå tilsettingsdato.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som Førsteamanuensis/høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 Førsteamanuensis/ 1008 Høgskulelektor

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiar Tarald Seldal, epost: tarald.seldal@hvl.no;tlf. 57 67 62 40

Søk stilling

Powered by Labrador CMS