Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i spesialpedagogikk

Søknadsfrist: 30.05.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ein mellombels stilling som førsteamanunesis/ førstelektor/ høgskulelektor i spesialpedagogikk frå 01.08.19 -31.07.20.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Stillinga er knytt til Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Sogndal.

Stillinga kan ev. delast i deltidsstillingar. Det må påreknast noko reising i stillinga. Vi søkjer personar som kan bidra med fagleg, kreativ og innovativ kompetanse innretta mot arbeid i skule og barnehage.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga vil primært bli knytt til arbeid i spesialpedagogikk i grunnutdanningane, masterutdanningane og etter- og vidareutdanningane ved instituttet. Arbeidsoppgåvene vil vere undervisning, rettleiing, vurdering og anna oppfølging av studentar. Nokre av undervisningsoppgåvene kan bli knytt til samlingsbaserte studium og vil medføre noko reising. Avhengig av søkjarane sin kompetanse og instituttet sitt behov vil oppgåver og ansvar bli avtala nærmare.

Arbeidsoppgåvene inneber også deltaking i faglege og administrative arbeid på instituttet.

Kvalifikasjonskrav:

Det er ønskjeleg at søkjarane har doktorgrad eller førstelektorkompetanse innanfor pedagogisk eller psykologisk fagområde. Søkjarar må minimum ha mastergrad innanfor pedagogisk eller psykologisk fagområde med gode resultat.

  • Det er nødvendig med kompetanse innanfor kartlegging, rådgiving og/eller rettleiing innretta mot barn og ungdom.
  • Søkjarane må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk, samt kunne bruke engelsk skriftleg.
  • Søkjarane må ha gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar og kunne arbeide sjølvstendig.

Det vil bli vurdert om søkjarane er personleg egna til stillinga.

Følgjande vil telje positivt i vurderinga:

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
  • Internasjonal erfaring

Søkjarane må oppgi i søknaden kva stillingsstorleik ein ynskjer.

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli kalla inn til intervju

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198/ 1008.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktpersonar på Høgskulen på Vestlandet:

  • Assisterande instituttleiar Erik Bulie, tlf. 53491415 eller ebu@hvl.no
  • Dosent Kirsten Flaten, tlf. 57676147, eller Kirsten.Flaten@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS