Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i sosiologi

Søknadsfrist: 23.05.2019

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap har ledig stilling som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i sosiologi

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt med totalt om lag 120 tilsette og 2000 studentar.

Målsetjinga med sosiologistudiet ved HVL er todelt: formidle innsikt i sosiologiske tenkjemåtar generelt og gje innsikt i dei unge sin livssituasjon spesielt. Den som blir tilsett skal i første rekkje undervise i sosiologi på bachelornivå. Undervisning på masternivå kan også bli aktuelt. Stillinga inneber også forsking og formidling i sosiologi ut frå søkjarens interessefelt, men også som del av områda instituttet særskilt legg vekt på. Nokre av desse er ungdom, utdanning, mobilitet og regional forsking. Studiet har også ein praksiskomponent.

  • Stillinga har norsk som arbeidsspråk
  • Arbeidsplassen er Sogndal

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervisning, rettleiing av studentar og fagleg utviklingsarbeid ved dei samfunnsvitskaplege utdanningane
  • Oppgåver knytt til høgskulen sitt arbeid med utvikling av nye emne og utdanningstilbod
  • Forsking og utviklingsarbeid på problemstillingar med relevans til faget
  • Ved tilsetjing som førsteamanuensis / førstelektor vil det til stillinga også liggja oppgåver knytt til rettleiing av fagtilsette i kompetanseløp Det er også forventningar knytt til vitskapleg produksjon og aktiv deltaking i utvikling av søknadar mot nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking
  • Undervisnings- og rettleiingsoppgåver ved andre utdanningar kan også vere aktuelt

Kvalifikasjonskrav:

Stillinga har slike krav:

  • For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha doktorgrad i sosiologi eller anna samfunnsvitskapleg doktorgrad med relevans for stillinga sitt fagområde
  • For tilsetting som førstelektor må søkjar ha dokumentert kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav
  • For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha mastergrad / hovudfag i sosiologi eller tilsvarande samfunnsvitskapleg utdanning. Interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse vil bli vektlagt
  • Praktisk pedagogisk utdanning og/eller erfaring frå undervisning og rettleiing
  • Vi ber søkjaren skissere aktuelle forskingsinteresser i søknaden

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskolepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Vi ønskjer søkjarar med erfaring frå forsking, undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Søkjarar med kunnskap om ungdom blir særskilt oppmoda om å søkje

Personlege eigenskapar:

  • Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som initiativ, kommunikasjon, omstillingsevne, stabilitet og samarbeid
  • Vi ønskjer tilsette som engasjerer seg i det offentlege ordskiftet i regionen og elles

Ved rangering av søkjarane vert det lagt vekt på formell kompetanse, undervisningserfaring og dokumentert forskings- og formidlingsinnsats innan relevante fagområde. Kvalifikasjonane vil også bli vurdert i høve til den fagelege samansettinga ved instituttet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadane blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt vidare til eit utval for sakkunnig vurdering, slik dei ligg føre frå søkjar. På grunnlag av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar verta kalla inn til intervju og prøveførelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ i tråd med kompetansekrava for stillinga, i stillingskode 1011, førsteamanuensis / i stillingskode 1198, førstelektor / i stillingskode 1008, høgskulelektor.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiar Grete Netteland, telefon 57 67 63 32, e-post grete.netteland@hvl.no

2) Professor Oddmund Løkensgard Hoel, telefon 57 67 62 72, e-post oddmund.hoel@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS