Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor - helsefag i vernepleieutdanninga

Søknadsfrist: 27.05.2019

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap har ledig fagstilling i helsefag ved vernepleieutdanninga

Stillinga høyrer til Institutt for velferd og deltaking og er knytt til høgskulen si bachelorutdanning i vernepleie.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.


Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda helse, funksjon og deltaking.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.


Ved Institutt for velferd og deltaking er vi omlag 90 tilsette og kring 1000 studentar fordelte på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i samfunnsarbeid og psykisk helse og rus. Vi har også fleire etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse – og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Arbeidsstad for stillinga er campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervisning, rettleiing og forsking inann helsefaglege områder som anatomi, fysiologi, sjukdomslære, famakologi, legemiddelrekning og helsefaglege prosedyrar
  • Oppfølging og rettleiing av studentar
  • Ferdigheitstrening
  • Skriftleg og munnleg tilbakemelding på studentarbeid, samt sensurarbeid
  • Forsking og fagutvikling i vernepleiefaglege problemstillingar
  • Koordinering av studiar, emneansvar og internasjonaliseringsarbeid
  • Samarbeid internt i høgskulen og med andre utdanningsinstitusjonar og samarbeidspartar både nasjonalt og internasjonalt

Sjølv om stillinga er knytt til bachelorutdanninga i vernepleie, vil den som vert tilsett kunne få undervisnings- og rettleiingsoppgåver ved dei andre studietilboda i fakultetet.

Kvalifikasjonskrav:

Stillinga har slike krav:

  • For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagt Ph.D grad på relevante fagområde for stillinga. Utdanning som er tatt utanfor Norge skal vera godkjend og stadfesta av NOKUT
  • For tilsetting som førstelektor må søkjar ha dokumentert kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav
  • For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha mastergrad i helsefaglege emne. Anna relevant sosial-/samfunnsvitskapleg mastergrad kan vera aktuell dersom søkjar har profesjonsutdanning i sjukepleie. Motivasjon og interesse for å oppnå førstekompetanse blir vektlagt
  • Søkjar må dokumentera relevant fordjuping innan helsefaglege område
  • Kunnskap og arbeidserfaring med menneske med funksjonsnedsetjingar er ein fordel
  • Pedagogisk erfaring
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid og internasjonaliseringsarbeid
  • Flytande skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk, og på engelsk
  • God IKT-forståing

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller tidlegare undervisningserfaring og rettleiing, er det krav om at vedkommande må kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk innan to år frå tilsettingsdato.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Sjukepleiar eller vernepleiar med kunnskap og erfaring innan helsefagleg arbeid i førstelinjetenesta

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Interesse for å utvikle vernepleieutdanninga
  • Evne til å ta initiativ, både til faglege og sosiale aktivitetar
  • Gode samarbeidsevner og godt humør
  • God evne til formidling

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no når søknadsfristens går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk vidare til eit sakkunnig utval for vurdering. Medgrunnlag i denne vurderinga, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillingane er løna etter Statens lønsregulativ i tråd med kompetansekrava for stillinga, i stillingskode 1011, førsteamanuensis / i stillingskode 1198, førstelektor / i stillingskode 1008, høgskulelektor.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Fagsekjsonsleiar, Unni Margrethe Uren Aasen, telefon: 57 67 62 36, e-post: unni.margrethe.uren.aasen@hvl.no

2) Instituttleiar, Svanaug Fjær, telefon: 55 58 57 53, e-post: svanaug.fjer@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS