Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Fast stilling som førsteamanuensis / førstelektor i sjukepleie

Søknadsfrist: 11.08.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor i sjukepleie ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for helse- og omsorgsvitskap, campus Førde

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.

Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda

helse, funksjon og deltaking.Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling innan helse- og sosialtenester, masterstudium i helse- og omsorgsvitskap, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • undervisning, rettleiing av studentar i teoretiske emne og praksisstudium
  • forsking, formidling og fagleg utviklingsarbeid
  • bidra til å utvikle og styrke den sjukepleiefaglege kompetansen i utdanningsprogramma
  • deltaking i systematisk kompetanseoppbygging i samsvar med fagseksjonane sine behov
  • ein må pårekne arbeidsoppgåver innanfor fleire område av sjukepleie- og helsefag.
  • oppgåver knytt til rettleiing av fagtilsette i kompetanseløp.
  • det er ønskjeleg at søkjaren presenterer sine forskingsinteresser i søknaden

Arbeidsstad er campus Førde.

Kvalifikasjonskrav:

  • autorisasjon som sjukepleiar
  • doktorgrad eller viskapleg kompetanse på tilsvarande nivå. Tilsetting som førstelektor bygger på dokumentasjon av både vitskaplege/fagleg og pedagogiske kvalifikasjonar. Utdanning tatt utanfor Noreg, skal vere godkjent og stadfesta av NOKUT. Ved rangering av kompetente søkjarar, blir det lagt vekt på formell kompetanse, undervisningserfaring og dokumentert forsking- og formidlingsinnsats innan relevante fagområder. Kvalifikasjonane vil også bli vurdert i høve til den faglege samansetjinga i fagseksjonen.
  • kompetanse innan spesialisthelsetenesta (medisin og kirurgi)

Personlege eigenskapar:

  • det blir lagt stor vekt på på personlege eigenskapar som fleksibilitet, initiativ, omstillingsevne, stabilitet og samarbeidsevne

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

VI gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanusensis/førstelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011/1198.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Fagseksjonsleiar Anny Aasprang, tlf 959 29 066

2) Viseinstituttleiar Dagrun Kyrkjebø, tlf 950 70 684

Søk stilling

Powered by Labrador CMS