Stilling:

Førsteamanuensis / førstelektor i RLE

Søknadsfrist 16. desember 2018

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig fast stilling som førsteamanuensis/ førstelektor i RLE frå 01.01.19. Stillinga er knytt til Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag på campus Stord.

Vi søkjer ein person som kan bidra med fagleg, kreativ og innovativ kompetanse innretta mot arbeid i skule og barnehage.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.- program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper

Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga vil bli knytt til arbeid i RLE i grunnutdanningane og etter- og vidareutdanningane ved instituttet. Arbeidsoppgåvene vil vere forsking, undervisning, rettleiing, vurdering og anna oppfølging av studentar som t.d. i praksisopplæring. Nokre av undervisningsoppgåvene kan bli knytt til samlingsbaserte studium og etterutdanning og vil medføre noko reising. Avhengig av søkjarane sin kompetanse og instituttet sitt behov vil oppgåver og ansvar bli avtala nærmare.

Arbeidsoppgåvene inneber også deltaking i faglege og administrative arbeid på instituttet. Tilsette søkjer om tid til forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for utdanningane.

Kvalifikasjonar:

Søkjarane må ha doktorgrad eller kompetanse på tilsvarande nivå innanfor religionsvitskap, teologi eller tilsvarande.

Vidare må søkjarane

  • ha kompetanse på fleirkulturelle og fleirreligiøse samfunn.
  • meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk, samt kunne bruke engelsk skriftleg og munnleg.
  • ha gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar og kunne arbeide sjølvstendig.

Følgjande vil telje positivt i vurderinga:

  • Erfaring frå forskings- og utviklingsprosjekt i pedagogisk verksemder.
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju med prøveforelesning.

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.

Sakkyndig vurdering:

Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5 vitskaplege arbeid. Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Vi tilbyr:

Førsteamanuensis vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1011.

Førstelektor vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1198.

Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr elles:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida
  • Moglegheiter for dekning av flyttekostnader jfr. Særavtale om dekning av flyttekostnader

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknadane blir sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr.offentlegheitslova kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlist. Søkjar vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA bedrift.

Heimeside

Kontaktpersonar

  • Assisterande instituttleiar Erik Bulie, tlf. 53491415 eller ebu@hvl.no
  • Høgskulelektor Olav Chr. Ruus, tlf. 53491384, eller Olav.Ruus@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS