LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i pedagogikk (PPUY)

Søknadsfrist: 29.05.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.

Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet

Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil to midlertidige stillingar som førsteamanuensis/førstelektor / høgskulelektor i pedagogikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillingane inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag for perioden 01.08.2022 - 31.07.2023

Stillingane er primært knytt til pedagogikkfagmiljøet for praktisk-pedagogisk utdanning, PPU for yrkesfag. Fagmiljøet har høg kompetanse og bidreg inn i både masterutdanning (profil yrkesdidaktikk) og Yrkesfaglærarløftet. Det kan også bli aktuelt med oppgåver i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, desentralisert kompetanseutvikling, i etter- og vidareutdanningstilbod og arbeid i doktorgradsprogrammet «Danning og didaktiske praksisar».

Arbeidsstaden er campus Bergen eller Stord.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillingane har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Disse oppgåvene vil primært vere knytt til praktisk pedagogisk utdanning og Yrkesfaglærarløftet. Det kan og vere aktuelt med oppgåver innan bachelor-, master-, og ph.d.-utdanning og i etter- og vidareutdanning.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.

Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.

Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga

Kvalifikasjonskrav:

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis og førstelektor, går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet.

Den som blir tilsett må ha førstekompetanse (phd eller 1.lektorkompetanse) innan pedagogikk/yrkesdidaktikk. Dersom det ikkje melder seg søkjarar med førstekompetanse, kan det vere aktuelt å tilsette høgskulelektor. For tilsetting som høgskulelektor må søkjarane ha minimum mastergrad/hovedfag i pedagogikk med gode resultat, normalt A eller B, og kompetansen må vera relevant for utdanninga (PPU).

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Utdanningsfagleg kompetanse er i utgangspunktet eit krav for stillingane.

Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Følgjande tel positivt i vurderinga:

  • Kunnskap og erfaring frå yrkesfeltet (inkludert fagbrev eller sveinebrev)
  • Erfaring frå initiering og leiing av forskings- og utviklingsarbeid, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering
  • Relevant nasjonalt og internasjonalt forskarnettverk og forsking som kan bidra inn i forskingsprogramma på fakultet
  • Erfaring frå ph.d.-rettleiing og rettleiing av kollegaer
  • Relevant erfaring frå grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
  • Gode munnlege formidlingsevner vist gjennom prøveundervisning

Ved tilsetjing av fleire (inntil 2) vil tilføring av ulik kompetanse vektleggjast.

Aktuelle kandidatar bli invitert til intervju.

Søkjar må i søknaden oppgje ynskje om arbeidsplass på campus Bergen eller Stord

Utdanningsfagleg kompetanse:

For stilling som vitskapeleg tilsett skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ein pedagogisk mappe og ein pedagogisk cv i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • Vitskapleg arbeid (inntil 5 stk) fullstendig publikasjonsliste
  • Attestar og vitnemål
  • Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse. Utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor / 1098 høgskulelektor

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Assisterande instiuttleiar Janne Halvorsen Kleppe, tlf 53 49 14 94, epost

2) Fagkoordinator Steinar Westrheim, tlf. 53 49 13 22, epost

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS