LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor i universitets - og høgskulepedagogikk

Søknadsfrist: 05.01.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Eining for utvikling av læring og undervisning (ALU) har ansvar for høgskulens UH-pedagogiske arbeid. Ansvarsfeltet favner utdanningsfagleg kompetanse der fagdidaktikk og digitale arbeids- og læringsformer er viktige komponentar. ALU har ansvar for at høgskulen har eit solid tilbod til tilsette innanfor UH-pedagogikk, gjev støtte til digitale arbeids- og læringsformer og tilrettelegjer for sterke fagdidaktiske miljø i høgskulens utdanningstilbod. ALU deltar og aktivt i HVL’s forsking på eigne utdanningar

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig en 100% fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor i universitets - og høgskulepedagogikk ved Avdeling for utvikling av læring og undervisning

Stillinga inngår i einingas faste stab og vil ha kontor ved ein av våre fem campus, i Bergen, Stord, Haugesund, Sogndal eller Førde. Det må påreknast noko reising.

Fagområdet for stillinga er universitets- og høgskulepedagogikk. Dette vil mellom anna innebere ulike aktivitetar knytt til undervisning, meritteringsordning, systematisk arbeid med utdanningskvalitet og strategiske søknadar. Den som vert tilsett vil både undervise, rettleie og forske innanfor fagområdet.

Ansvars- og arbeidsområde:

I stillinga som førsteamanuensis/førstelektor vil du bidra på alle område i det universitets- og høgskulepedagogiske arbeidet ved Avdeling for utvikling av læring og undervisning. Sentrale oppgåver i stillinga er knytt til å utvikle, planlegge, gjennomføre og vurdere HVL sitt utviklingsprogram i UH-pedagogikk.

Stillinga har vidare følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise og rettleie i faget UH-pedagogikk.
  • Forsking- og utviklingsarbeid lokalt og nasjonalt.
  • Institusjonsbyggjande arbeid som å rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver og samhandling med eksterne partnarar.
  • Delta i utvikling av forskingsprosjekt og søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i avdelinga og fagmiljøa.
  • Bidra i avdelingas daglege aktivitetar.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

  • For fast tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha fullført doktorgrad med relevans for denne stillingsprofilen.
  • For tilsetjing som førstelektor må søkjar tidlegare vere vurdert til førstelektor i UH-pedagogikk/fagdidaktikk eller dokumentere relevankskrav tilsvarande førstelektorkompetanse i UH-pedagogikk/fagdidaktikk som ein del av søknaden.

Vi søker etter ein førsteamanuensis/førstelektor i universitets- og høgskulepedagogikk med følgande dokumenterte kvalifikasjonar:

  • Pedagogisk og didaktisk kompetanse knytt til høgare utdanning.
  • Forståing for høgskuleutdanningas tyding og utfordringar i ei nasjonal og internasjonal samanheng.
  • Gode kommunikasjonsevner.
  • Oppdatert kunnskap om nasjonal og internasjonal forsking om undervisning, læring og høgare utdanning.
  • Høg kompetanse i bruk av digitale verktøy og læringsteknologi.
  • Erfaring med forskning og formidling.
  • Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
  • Kan undervise på engelsk.

Ønskte kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå relevante arbeidsoppgåver, forskings- og utviklingsprosjekt, til dømes erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet.
  • Undervisningserfaring med utvikling og bruk av varierte læringsmetodar og digitale verktøy i høgare utdanning.
  • Trives med å samarbeide på digitale plattformer.

Personlege eigenskapar:

  • Ei reflektert og bevisst haldning til eigen undervisnings- og rettleiingsverksemd.
  • Høg arbeidskapasitet, er nysgjerrig og motivert for å utvikle ny kunnskap saman med andre.
  • Ei kollegial haldning med interesse for å dele og samarbeide om og i avdelinga sine aktivitetar

Utdanningsfagleg kompetanse:

Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

Sakkunnig vurdering:

Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over søkjaren sine arbeider og kor dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju med prøveforelesing.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011- førsteamanuensis/1098 - førstelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Avdelingsleiar Anne Kristin Rønsen, tlf. 53 49 13 30 eller e-post: Anne.Kristin.Ronsen@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS