Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor i helse- og omsorgsvitskap

Søknadsfrist: 01.11.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling innan helse- og sosialtenester, masterstudium i helse- og omsorgsvitskap, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil to faste stillingar i 100% som førsteamanuensis/førstelektor i helse- og omsorgsvitskap ved Fakultet for helse-og sosialvitskap

Stillingane er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for helse- og omsorgsvitskap, Fagseksjon for bachelor i sjukepleie ved campus Haugesund

Stillingane har arbeidsstad ved campus Haugesund, men ein må rekne med noko arbeid også ved andre av høgskulen sine campus.

Ansvars- og arbeidsområde:

Arbeidsoppgåvene vil omfatte undervisning, rettleiing og forsking og krev kompetanse innanfor eit av følgande fagområde; Sjukepleie ved akutte, kritiske og kroniske helseutfordringar, sjukepleie ved komplekse og samansatte helseutfordringar og psykisk helse, helsefremmande og forebyggande arbeid i eit nasjonalt og globalt folkehelseperspektiv.

  • Kunnskapsbasert undervisning, rettleiing og vurdering innan bachelor i sjukepleie og emnar knytt til fagseksjonen sine studieprogram, i tillegg til fakultetet sine forskingsprofilar
  • Bidra innan dei ulike faglege institusjonsbyggande oppgåvene, som til dømes studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
  • Bidra til forsking knytta til fagseksjonen sine studieprogram i tillegg til fakultetet sine forskingsprofiler
  • Delta i utvikling av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • Samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnerar

Høgskulen på Vestlandet tilbyr utdanningar både på bachelor, master og PhD-nivå og ein må òg pårekne undervisnings- og rettleiingsoppgåver på andre fagseksjonar og studietilbod i instituttet.

Kvalifikasjonar:

  • For tilsetting som førsteamanuensis/ førstelektorer er krava grunnutdanning i sjukepleie og avlagt ph.d-grad/dokumentasjon på førstelektorkompetanse. Søkjarar med annan grunnutdanning kan og vurderast
  • Pedagogisk kompetanse (jfr. Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings og forskerstillinger)
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, varierte undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Relevant klinisk erfaring og praksisnær kompetanse
  • God munnleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk i tillegg til engelsk
  • God IKT-kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Forskingskompetanse innanfor tematikk av relevans for instituttet
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, herunder erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Erfaring med internasjonalt samarbeid og/eller arbeidserfaring
  • Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Klinisk erfaring innenfor ett av de skisserte fagområdene

Personlege eigenskaper:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
  • God evne til formidling
  • Engasjement og interesse for fagleg utvikling
  • Stor arbeidskapasitet

Den vi søkjer må ha eit forskingsengasjement som svarer på utfordringar innen helse- og velferdstenestene. Det er ønskeleg at nytilsatt har etablert eller søkjer forskingssamarbeid med relevante internasjonale fagmiljø.

Kriterier for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsett av Kunnskapsdepartementet

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor.

Frå lønn vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Fagseksjonsleiar, Else Cathrine Rustad, telefon 52702746 / 40240122

2) Instituttleiar, Georg Førland, 52702636 / 94865911

Søk stilling

Powered by Labrador CMS