LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i språk / litteratur

Søknadsfrist: 24.03.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 700 tilsette og 16 600 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning ibarne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltek i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig to mellombelse stillingar som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i norsk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillingane inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, campus Stord. Den eine stillinga er ledig i perioden 01.08.2021 – 31.07.2022, medan den andre er eit toårig engasjement i perioden 01.08.2021 til 31.07.2023.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til grunnskulelærarutdanninga, barnehagelærarutdanninga og Ph.d.-utdanninga, og innanfor etter- og vidareutdanning. Dei tilsette må kunne rettleie studentane i skriftlege arbeid, ta på seg studieadministrative oppgåver, samt delta i samarbeidsprosjekt. Desentralisert undervising og undervising på nett høyrer òg med til arbeidsoppgåvene.
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
  • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga

Kvalifikasjonskrav:

Kriteria for tilsetting i undervisings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

For tilsetjing som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad i norskdidaktikk/nordisk språk/litteraturvitskap/lingvistikk, eller innanfor eit område med relevans for følgande område: norsk/nordisk/norskdidaktikk, eller innanfor eit område med relevans for språk/språkdidaktikk og/eller litteratur/litteraturdidaktikk og/eller lese- og skriveopplæring. For tilsetjing som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.

For tilsetning som høgskolelektor må det dokumenterast avlagt master/hovudfag med gode resultat i norskdidaktikk/nordisk språk/litteraturvitskap/lingvistikk, master i barne- og ungdomslitteratur eller master i læring og undervisning med masterfag norsk.

Den som blir tilsett må kunne undervise i dei sentrale emna i grunnskulelærarutdanninga og barnehagelærarutdanninga, også på nett. Det er ønskjeleg at den som vert tilsett har kompetanse i eitt eller fleire av desse emna: språk/språkdidaktikk, litteratur/litteraturdidaktikk, den fyrste lese- og skriveopplæringa og barn si tidlege språk-, lese- og skriveutvikling. Fagmiljøet tek eit særleg ansvar for nynorsk skriftspråk.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga.

Følgande teller positivt i vurderinga:

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring og/eller høgare utdanning
  • Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen og erfaring med pedagogisk bruk av IKT

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane blir sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkarar bli innkalla til intervju og prøveforelesing. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling.
  • Moglegheit for trening i arbeidstida.

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis/ 1198 - førstelektor/ 1008 - høgskulelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Instituttleiar Kristin Hinna, tlf.: 55585949 / 90556083, e-post: khi@hvl.no

2) Faggruppeleiar Hannah Belsvik Hansen, Tlf.: 53491329, e-post:Hannah.Hansen@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS