LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i spesialpedagogikk

Søknadsfrist: 27.11.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt ph.d.-program Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil 2 mellombelse stillingar som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i spesialpedagogikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Stillingane inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag. Arbeidsstad er campus Bergen.

Stillingane er knytt til pedagogikk-fagmiljøet for grunnskulelærarutdanningane (GLU) ved HVL campus Bergen. Pedagogikk GLU er eit stort fagmiljø med brei kompetanse innanfor allmennpedagogikk, spesialpedagogikk og profesjonsretta pedagogikk. Fagmiljøet er hovudsakleg knytt til dei femårige grunnskulelærarutdanningane med master, men bidrar også aktivt i desentralisert kompetanseutvikling og i etter- og vidareutdanningstilbod. I tillegg er fagmiljøet også aktivt deltakande i andre masterutdanningar og i doktorgradsprogrammet «Danning og didaktiske praksisar». Pedagogikk-fagmiljøet har eit rikt og mangfaldig forskarmiljø med pågåande prosjekt nasjonalt og internasjonalt, og i samarbeid med skular og andre samfunnsaktørar i regionen.

Det er krav om snarleg oppstart i stillinga. Varigheit til 31.07.2021.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil i hovudsak vere knytt til grunnskulelærarutdanninga (GLU)
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

For tilsetjing som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad i primært spesialpedagogikk/pedagogikk, men kompetanse innanfor tilgrensande fagområde kan bli vurdert. For tilsetjing som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og innanfor tilsvarande fagområde som for førsteamanuensis. For tilsetjing som høgskulelektor må søkar ha mastergrads-/ hovudfagsnivå i spesialpedagogikk/pedagogikk med gode resultat.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Følgande teller positivt i vurderinga:

  • Allsidig og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
  • Vitskapeleg arbeid og /eller dokumentert faglig-pedagogisk utviklingsarbeid
  • Erfaring med studentaktive arbeidsformer
  • Kompetanse innan eitt eller fleire område: barn og unge sine utfordringar med språk, lesing og skriving, psykososiale utfordringar, tidleg innsats og tolking av skulen sine kartleggingsprøvar, samarbeid mellom skulen og eksterne instansar
  • Kompetanse innan digital analyse av datamateriale

Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju. Ved tilsetjing vil fagmiljøet sitt samla behov for kompetanse kunne vere avgjerande.

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/ førstelektor /høgskulelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129

Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillingane er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor / 1008 - Høgskulelektor

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Assisterande instituttleiar GLU 5-10: Solveig Kalgraf,tlf. 55585947, e-post skal@hvl.no
  • Fagkoordinator pedagogikk GLU: Kristin Knudsen,tlf. 55585919, e-post krkn@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS