Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i sosialt arbeid

Søknadsfrist: 08.06.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram, samt Ph.d.-studiet "Helse, funksjon og deltaking". Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda helse, funksjon og deltaking.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for velferd og deltaking er vi omlag 90 tilsette og kring 1000 studentar fordelte på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i samfunnsarbeid og psykisk helse og rus.

Vi har også fleire etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse – og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap har ledige stillingar som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i sosialt arbeid

Om stillinga:

Ved Institutt for velferd og deltaking er det ledig inntil to faste 100% stillingar som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i sosialt arbeid.

Stillingane har arbeidsstad ved Campus Sogndal, men ein må rekne med noko arbeid også ved andre av høgskulen sine campus.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervisning, oppfølging og rettleiing av studentar ved bachelorutdanninga i sosialt arbeid
  • Forsking og fagutvikling innanfor fagområdet
  • Koordinering av studiar, emneansvar, kursutvikling og internasjonaliseringsarbeid
  • Samarbeid internt i høgskulen, og med andre utdanningsinstitusjonar og samarbeidspartar nasjonalt og internasjonalt
  • Ved tilsetting i førstestilling er det knytt forventningar til vitskapleg produksjon og aktiv deltaking i utviklinga av søknadar mot nasjonale og internasjonale finansieringskjelder. Rettleiing av PhD-kandidatar kan også vere aktuelt.

Sjølv om stillinga i hovudsak er knytt til bachelroutdanninga i sosialt arbeid, må den som blir tilsett også rekne med undervisnings- og rettleiingsoppgåver ved andre studietilbod i instituttet.

Kvalifikasjonskrav:

Krav til formell utdanning og kompetanse:

Kompetansekrava for tilsetting som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor føl av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

  • For tilsetting som førsteamanuensis er det krav om doktorgrad med relevans for fagområdet sosialt arbeid
  • For tilsetting som førstelektor må søkjar dokumentere førstelektorkompetanse med tilsvarande krav til fagleg relevans
  • For tilsetting som høgskulelektor er det krav om mastergrad i sosialt arbeid. Anna relevant samfunnsvitskapleg mastergrad kan også vurderast dersom søkjar elles har god sosialfagleg kompetanse gjennom fagleg fordjuping eller erfaring. Ved tilsetting som høgskulelektor vil det i tillegg leggjast vekt på at søkjar har interesse for forskings- og utviklingsarbeid og motivasjon for vidare kvalifisering til førstestilling
  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne i norsk og i engelsk
  • Praktisk pedagogisk kompetanse*

*Praktisk pedagogisk kompetanse er ikkje påkravd for å søkje stillingane. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere praktisk pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervising og rettleiing, må vedkommande kvalifisere seg ved å gjennomføre HVL sine kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.

I rangeringa av søkjarane vil det bli lagt vekt på at søkjar har:

  • Grunnutdanning i sosialt arbeid
  • Erfaring med undervisning og rettleiing
  • Erfaring med og kunnskap om kunnskapsbasert praksis
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt og internasjonalt samarbeid
  • Erfaring med ekstern forskingsfinansiering
  • Erfaring med og evne til utvikling av undervisning og undervisningsmetodar
  • Erfaring med og kunnskap om bruk av digitale læringsverktøy

I vurderinga av søkjaren sine personlege eigenskapar for stillinga legg vi særleg vekt på at søkjar har god formidlingsevne og er ryddig og samarbeidsorientert. Vi forventar også at våre tilsette trivest med studentarbeid og bidreg til eit godt arbeidsmiljø for tilsette og studentar.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadane vert vurderte ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no når søknadsfristen går ut. Det er søkjaren sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen. Søkjar skal leggje ved vitskaplege arbeid (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er på meir enn 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveførelesing/prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillingane er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011, førsteamanuensis / 1198, førstelektor / 1008, høgskulelektor

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. Offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Fagseksjonsleiar Irene Helland Vikøren, tlf. 55 58 70 77, irene.helland.vikoren@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS