LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i rettsvitskap

Søknadsfrist: 08.11.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskolane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studier og Institutt for samfunnsvitskap. Totalt er det ca. 120 fagleg tilsette ved fakultetet og vel 2000 studentar. Fakultetet har i dag ni bachelorprogram og tre masterprogram. Fakultetet har eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sørøst-Norge (USN).


Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL har vel 85 fagtilsette og 1000 studentar. Instituttet er fordelt på tre campus: Bergen, Haugesund og Sogndal. Instituttet har ni bachelorprogram og eitt masterprogram.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil to mellombelse stillingar i 100 % som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i rettsvitskap ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap – campus Sogndal

Ved Institutt for økonomi og administrasjon er det ledig inntil to mellombelse fagstillingar i rettsvitskap. Stillingane vil i hovudsak vere knytt til undervisning og rettleiing ved årsstudium i jus ved campus Sogndal.

Stillingane er vikariat over eitt år og med oppstart 01.01.2021.

Arbeidsplassen er Sogndal.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Undervisning og rettleiing i juridiske emne, hovudsakleg ved årsstudiet jus men og ved eigedomsmeklarstudiet og på bachelorprogrammet for økonomi og administrasjon og reiselivsleiing

Den som blir tilsett i stillinga må også pårekne noko undervisning ved campus Bergen.

Kvalifikasjonar:

  • For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillinga
  • For tilsetting som førstelektor må søkjar dokumentere relevant førstelektorkompetanse
  • For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha mastergrad i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen. Interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse blir vektlagt
  • Det er krav om pedagogisk kompetanse
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • På årsstudiet vert det gjeve grunnleggjande opplæring for studentar som ikkje har hatt jus som fag før. Søkjar må difor ha kjennskap til det norske rettssystemet og kunne undervise på norsk

Ønska kvalifikasjonar:

  • Undervisnings- og rettleiingserfaring frå høgare utdanning.
  • Relevant forskings- og fagutviklingserfaring blir tillagt vekt

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig
  • Evne til å arbeida saman med andre i team
  • Evne til å samarbeide på tvers av fagdisiplinar
  • Gode evne til formidling

Kriterier for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsett av Kunnskapsdepartementet

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det ersøkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor/ 1008 høgskulelektor .

Frå lønn vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Assisterande instituttleiar Ingunn Skjelbreidalen, tlf: +47 57 67 63 42 epost: Ingunn.Skjelbreidalen@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS