LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i IKT i læring

Søknadsfrist: 09.08.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i IKT i læring ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Om stillinga:

Det er ledig ei mellombels stilling i 100% som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i IKT i læring i tida frå august/september 2021 til 31.07.2022 ved Fakultet for lærarutdanning kultur og idrett, Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag i Bergen, Sogndal eller Stord.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie, vurdere, følgje opp studentar i praksis og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil primært vere knytt til ulike masterprogram og etter- og vidareutdanningar, alt etter søkjar sin kompetanse og instituttet sine behov. Det kan og vere aktuelt med arbeidsoppgåver innan grunnskulelærarutdanningane (integrert 5-årig master).
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna; fagadminstrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
  • Aktivt bruke digitale vertøy i arbeidskvardagen.
  • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad innanfor pedagogisk, samfunnsvitskapleg eller teknologisk fagområde der pedagogisk bruk og/eller utvikling av digitale vertøy i undervisning og læringssamanheng er sentralt.

For tilsetting som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad med tilsvarande fagleg relevans som for førsteamanuensis.

For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha avlagt mastergrad/hovudfag med gode resultat (normalt A eller B på masteroppgåva) innanfor dei same fagområda som for førsteamanuensis.

Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men óg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga.

Følgjande tel positivt i vurderinga:

  • Erfaring med teknologi og programmeringsverktøy for grunn- og vidaregåande opplæring (t.d. Lego, Sphero, Bolt, Scratch, Micro:bit).
  • Erfaring med nettbasert og/eller fleksibel undervisning.
  • Erfaring med produksjon av multimodale ressursar (video, podkast m.m.).
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring elelr høgare utdanning.
  • Internasjonale faglege nettverk og erfaring frå internasjonalt arbeid.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden vert vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 15MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling.
  • Moglegheit for trening i arbeidstida.

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis/1198 - førstelektor/1008 - høgskulelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Assisterande instituttleiar Erik Bulie, tlf.: 53 49 14 15, e-post: ebu@hvl.no

2) Førstelektor Svein Ove Lysne, tlf.: 53 49 13 77, e-post: sol@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS