LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Fast stilling som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i fysikk

Søknadsfrist: 09.09.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 700 årsverk og 16 600 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN) har 5 insitutt med om lag 275 årsvekr og 3050 studentar. Fakultetet vert leia av ein dekan som har det overordna snavaret for den fagleg og administrative verksemda ved fakultet, og som rapportera til rektor.


Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi.


Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.Hovuddelen av fakultetet si verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde.

Fakultetet si verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling i 100 % som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i fysikk ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap, Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag, campus Førde

Stillinga omfattar hovudsakleg undervisning i fysikk og forsking knytt til studieprogramma i informasjonsteknologi, automatisering med robotikk, elkraftteknikk og bygg.Realfagsgruppa på tvers av campus har ansvar for undervisning i matematikk, fysikk og statistikk for alle ingeniørutdanningene ved fakultetet. Gruppa har og ansvar for undervisning av realfaga på forkurset til ingeniørutdanninga. Det er tett samarbeid mellom realfagstilsette i Førde, Haugesund og Bergen.

Institutt for datatakenologi, elektorteknologi og realfag har ansvar for eigne bachelorutdanningar innan elektrofag og datafag. Fakultetet er i gang med å utvikle ein ny tverrfagleg mastergrad i anvendt datateknologi i tillegg til at instituttet har ansvar for mastergrad i programvareutvikling i Bergen.

Institutt for datatakenologi, elektorteknologi og realfag har satsa på robotikk ved campus Førde med omsyn til fagmiljø og utstyr. Fagmiljøet har i stor grad vakse ut frå Teknoløft Sogn og Fjordane, eit stort forskingsprosjekt finansiert av Noregs Forskingsråd for å bygge kapasitet i forskingsmiljøet på fysisk menneske-robot samarbeid.

Arbeidsstad for stillinga er campus Førde.

Ansvars- og arbeidsområde:

Arbeidoppgåver knytt til stillinga er undervisning i fysikk, fagutvikling og forsking. Undervisning i i fysikk er for bachelorstudentar på ingeniørutdanningane og på informasjonsteknologi, og fysikk i kvalifiserande realfagsemne.

Andre fag som kan vere aktuelt å undervise er programmering, matematikk og statistikk eller andre emne innafor teknologiutdanningane. Det kan også vere aktuelt å undervise og rettleie studentar på masternivå.

Tilsette førsteamanuensar ved instituttet rettleiar PhD-studentar og underviser i kurs i PhD-graden i datateknologi ved fakultetet, ei tverrfagleg forskarutdanning innan programvareutvikling, sensornettverk og berekningsorientert ingeniørvitskap.

Kvaliteten på undervisninga i grunnemna er svært viktig, og instituttet ønskjer at realfagsgruppa skal bidra til å auke forståinga for rolla til realfaga i ingeniørutdanninga. Den som søkjer må gjere greie for korleis han/ho vil drive undervisning og fagutvikling innanfor realfaga og på tvers av fag i ingeniørutdanninga.

Fagutviklinga skjer i tett samarbeid med dei ulike fagmiljøa ved ingeniørutdanningane i Førde, Bergen og Haugesund. Vi ønskjer at den som vert tilsett skal vere med å styrke samarbeidsmiljøet med aktiv rettleiing, hyppige gruppemøte og ei sosial atmosfære.

I ingeniørutdanninga er det auka krav om å bruke programmering og rekning på datamaskin, og realfaga har eit særskilt ansvar for at studentane utviklar ferdigheiter i dette. Det er difor eit ønskje at aktuelle kandidatar har programmeringskompetanse på høgt nivå.

Det er ønskjeleg at realfagsgruppa bidreg til tverrfagleg forsking retta mot andre fagområde ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap. Forsking innan til dømes datateknologi, robotikk eller andre nærliggande fagområde vil vere særskilt aktuelt ved ingeniørutdanninga ved campus Førde.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsett av Kunnskapsdepartementet.

Formell utdanning og kompetanse:

  • Aktuelle kandidatar må ha minimum mastergrad i fysikk eller eit nærliggande fagområde. For tilsetting som førsteamanuensis er det krav om avlagt doktorgrad i relevant fagområde. For tilsetting som førstelektor er det krav om dokumentert førstelektorkompetanse innan relevant fagområde.
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stilling
  • Undervisningsspråket ved HVL er norsk og det er difor ein føresetnad at den som blir tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk. Det vert også krevd gode engelskkunnskapar.
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, varierte undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid
  • God digital kompetanse

Ønska kvalifikasjonar

  • Programmeringserfaring på høgt nivå
  • Erfaring frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Erfaring innan datateknologi, robotikk, elkraft eller nærliggande fagområde
  • Undervisningskompetanse i programmering, matematikk, statistikk eller andre ingeniørfaglege emner
  • Relevant erfaring frå forskings- og utviklingsarbeid, nasjonalt og internasjonalt
  • Relevant arbeidserfaring og/eller erfaring frå prosjektsamarbeid med samfunns-/næringsliv

Personlege eigenskapar:

  • Gode formidlingsevner
  • Gode samarbeidsevner og evner til å skape eit konstruktivt, inkluderande og attraktivt arbeidsmiljø
  • Høg arbeidskapasitet, interesse og motivasjon for å utvikle ny kunnskap saman med andre

Vi søkjer kandidatar som viser stort engasjement for undervisning og samarbeid, og som ønskjer å vere med å bygge fellesskap i både undervisning, forsking og administrative oppgåver og bidra til eit spennande og attraktivt arbeidsmiljø.

Utdanningsfagleg kompetanse:

Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.

For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011/1198/1008 - førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Assisterande instituttleiar Eli Nummedalepost eli.nummedal@hvl.no tlf 48 21 87 55

2) Assisterande instituttleiar Pål Ellingsenepost pal.ellingsen@hvl.no tlf 55 58 76 02

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS