Stilling:

Førsteamanuensis / førstelektor i yrkespedagogikk - inntil 3 stillingar

Søknadsfrist 28. november 2018

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), er det ledig inntil 3 faste stillingar som førsteamanuensis/ førstelektor i yrkespedagogikk. Stillingane er knytt til Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, campus Stord.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ansvars- og arbeidsområder:

Arbeidsoppgåvene vil primært vere:

  • Undervisning
  • Forsking- og utviklingsarbeid
  • Rettleiing av studentar
  • Vurdering av studentoppgåver
  • Oppfølging av studentar i praksis

Stillingane vil i hovudsak vere knytt til praktisk pedagogisk utdanning (PPU-Y), som er eit samlingsbasert studie ved HVL, campus Stord. Stillingane kan også innehalde arbeidsoppgåver innan desentralisert kompetanseutvikling for lærarar, samt ved andre etter- og vidareutdanningstilbod ved HVL. Arbeidsoppgåvene inneber også deltaking i seksjonen sitt faglege og administrative arbeid. Tilsette søkar om tid til forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for utdanningane.

Noko reiseverksemd må påreknast. Høgskulen legg vekt på å nytta digitale læringsverktøy i undervisning og i samhandling med praksisfeltet.

Kvalifikasjonskrav

Pedagogikk-kompetanse på doktorgradsnivå eller førstelektorkompetanse i pedagogikk. Kompetansen i pedagogikk må ha ein klar yrkespedagogisk profil.

Søkaren må:

  • Meistre norsk eller anna skandinavisk språk
  • Ha god samarbeids- og formidlingsevne og vere personleg eigna for stilling
  • Ha digital kompetanse
  • Ha evne til å arbeide sjølvstendig og vere fleksibel med omsyn til oppgåver og ansvar

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning blir vektlagd
  • Er del av yrkesfagleg nettverk
  • Erfaring frå skuleutvikling og skuleleiing
  • Erfaring frå rettleiing av studentar

Søk på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk denne stillinga” på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkarar også laste opp dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.) dei ønskjer å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Søkarar bør nemne dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga. Søknaden må også innehalde oversikt over vedlegg som dokumenterer søkjarens pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Søkarar til stillingane vil bli vurderte og rangerte av eit sakkunnig utval. Aktuelle kandidatar til stillingane vil bli innkalla til intervju og bedne om å halde prøveforelesing

Lønnsvilkår

Førsteamanuensis vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1011.

Førstelektor vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1198.

Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Hjemmeside

Kontaktperson:

  • Assisterande instituttleiar for PPU, Janne H. Kleppe tlf. 53 49 14 94, epost: jhkl@hvl.no

Søk denne stillinga

Powered by Labrador CMS