LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar - Institutt for klinisk odontologi (IKO)

Søknadsfrist: 01.02.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi (IKO), er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %). Stillinga er eksternt finansiert av Norges forskningsråd (NFR), og for tida knytt til prosjektet «3DPRENT». Prosjektet har ei førebels finansiering i 3 år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga er knytt til prosjekta som arbeide med utvikling av eit bioblekk som kan verte brukt i beinregenerasjon. Hovudmålet med prosjektet er å konstruere eit 3D-printa kompositt stillas som kan innehalde stamcellar printa med eit bioblekk for funksjonell beinregenerering.

Spesifikke mål er:

  • Bruke 3D Printing Technology (3DP) til å produsere implanterbare stillas med optimal samansetting og geometri for beinregenerering.
  • Bruke 3D Bioprinting (3DBP) metodar for å etterlikne strukturell og cellulær samansetting av bein.
  • Undersøke om 3DP-3DBP hybridstrukturar kan nyttast til å lette beinregenerering ved å kombinere fordelar frå begge teknologiane, dvs. mekanisk styrke av 3DP stillaser og celle organisering og bioaktivitet levert av 3DBP.
  • Samanlikne in vitro-, ex vivo- og in vivo-resultat for generering av pålitelege metodar for å studere beinregenerering og sei noko om stillasytelse.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
  • søkjarar med grad i odontologi eller oral kirurgi og oral medisin vert oppfordra til å søkje
  • søkjarar med erfaring som postdoktor vil verte føretrekt
  • søkjarar må ha erfaring med sjukdomsmodellar in vitro og in vivo, histopatologi, flowcytometri, in vivo bildebehandling og bildedanalyse
  • erfaring med stamcelle- og kreftforsking er ein føremon
  • søkjarar som kan dokumentere erfaring med RNA sekvensering, proteomikk og vidare bioinformativ vil verte føretrekt.
  • søkjarar som har erfaring med å koordinere forskingsaktivitetar i store forskingsgrupper - inkludert budsjettering og rapportering - er spesielt velkommen til å søkje denne stillinga.
  • erfaring med internasjonalt og industrielt samarbeid er ein føremon
  • søkjarar må ha erfaring i rådgiving, rettleiing av studentar, undervising, skriving av manuskript og fortrinnsvis også søknader.
  • personlege eigenskapar, inkludert evne til å jobbe uavhengig og kunne samarbeide i ei forskingsgruppe, vert vektlagt i vurdering av søkjarane
  • søkjar må vere motivert og dedikert, og ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø innan forsking
  • løn etter lønssteg 64 (kode 1109/lønsramme 24.8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 575 600. For søkjarar med spesialitet lønssteg 66 (lønsramme 24.10), for tida 597 000 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, tilbåde seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
  • forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS