LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar ved Wittgensteinarkivet – to delstillingar

Søknadsfrist: 25.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Wittgensteinarkivet ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium er det ledig to midlertidige delstillingar (30 % – 70 %) som forskar, knytt til prosjektet «WABe – ny forskningsinfrastruktur». Tilsettingsperiode vil vere 01.07.2021 – 31.12.2021, med moglegheit for å avtale anna tidsrom.

Wittgensteinarkivet har i over 30 år forvalta filosofen Ludwig Wittgenstein (1889-1951) sine etterlatne skrifter (ca. 20 000 manuskriptsider). Arkivet er no i gang med eit storstilt vedlikehaldsarbeid som etter kvart skal munne ut i ei ny utgåve av «Wittgenstein´s Nachlass: The Bergen Electronic Edition» på Oxford University Press. Til dette treng ein mellom anna to forskarstillingar for ein periode på 6–9 månader.

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium har omlag 70 tilsette på heil- og deltid, inkludert om lag 10 stipendiat- og postdoktorstillingar. Instituttet tilbyr undervisning på bachelornivå i filosofi og retorikk, og på master- og ph.d.-nivå i filosofi. I tillegg har det ansvar for å drive Universitetet i Bergen sitt Examen philosophicum-tilbod samt Examen facultatum-emne ved Det humanistiske fakultet.

Arbeidsoppgåver:

Det meste av arbeidet vil vere korrekturlesing av Wittgensteinarkivet sine transkripsjonar av Ludwig Wittgenstein sine skrifter. Anna arbeid knytt til prosjektet vil i nokon grad bli bestemt av kandidatane sine kvalifikasjonar. Kvalifikasjonar og oppgåver vil legge grunnlag for kva for stillingsstorleik som blir avtalt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Det formelle kravet for tilsetjing er norsk mastergrad i filosofi eller tilsvarande utdanning.

I tilsetjingsprosessen vil elles desse kvalifikasjonane vere eit krav:

  • Svært gode kunnskapar i tysk språk, inkludert tysk grammatikk og eldre rettskrivingsnormer.
  • Svært god kjennskap til Ludwig Wittgenstein sin filosofi og etterlatne skrifter.
  • Svært god evne til nøyaktig og påliteleg arbeidsutføring.

I tillegg er det sterkt ønskeleg at kandidatane har god kjennskap til Wittgenstein si handskrift og kodepraksis. Kunnskap om edisjonsfilologiske metodar og noko erfaring med korrekturlesing er også ei føremon.

Vi tilbyr:

  • Sterkt, godt og variert fagmiljø og arbeidsmiljø.
  • For søkjarar med mastergrad løn tilsvarande lønstrinn 52-64 (kode 1108/LR 25), for tida kr. 466.100 – 575.200 per år før skatt. For søkjarar med doktorgrad løn tilsvarande lønstrinn 61-69 (kode 1109/LR 24), for tida kr. 544.900 – 630.100 per år før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillingane:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenke på denne sida «SØK PÅ JOBBEN».

Dette må følgje søknaden:

  • Søknadsbrev med hovudvekt på søkjar sin motivasjon for stillinga.
  • Curriculum Vitae, inkludert liste over relevante publikasjonar.
  • Vitnemål (skanna originalar eller attesterte kopiar).
  • Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar.

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokument på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format, og må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Ytterlegare informasjon om stillingane kan ein få ved å vende seg til:

  • Leiar av Wittgensteinarkivet professor Alois Pichler på telefon 55 58 94 74 eller e-post Alois.Pichler@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillingane.

Vi oppmodar kvinner om å søkje.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 25.05.2021

UiB id: 21/5241

SØK PÅ JOBBEN

Powered by Labrador CMS