LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar ved Sosiologisk institutt

Søknadsfrist: 20.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved det samfunnsvitskaplege fakultet, sosiologisk institutt, er det ledig ei stilling som forskar for ein periode på opp til 2 år (100%). Stillinga er tilknytt forskingsprosjektet PIONEERED – Pioneering policies and practices tackling educational inequalities in Europe, som er finansiert frå EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horizon 2020. Ønska tiltreding er i August 2021.

Forskningsprosjektet PIONEERED ser etter nyskapande praksisar i utdanningssystemet og utdanningspolitikken som motverkar reproduksjon av sosial ulikskap. Målet er å fremme likare kår for barn og unge på alle nivå av utdanningssystemet i Europa: sikre at dei får ei rettferdig deltaking i utdanninga si i barnehagane, skulevesenet så vel som i meir uformelle læringsarenaer.

Forskingsprosjektet har 13 partnarar frå ni land. Det er finansiert av EUs forsknings- og innovasjonsprogram Horisont 2020, som har tildelt 3,5 millionar euro. Prosjektet koordinerast fra Universitet Luxembourg. Meir informasjon om prosjektet finn du her.

Om stillinga - arbeidsoppgåver:

I stillinga vil du primært støtte prosjektleiar ved Sosiologisk Institutt med forskingsoppgåver og administrasjon av PIONEERED – prosjektet. Som forskar i PIONEERED vil du få delta i eit stort og etablert internasjonalt nettverk av stipendiatar, post-doktorar og erfarne forskarar innan sammfunnsvitskap.

Arbeidsoppgåvene vil bestå av å:

  • Samle forskingsdata for UiB i prosjektet
  • Kvalitetssikre forskingsrapportar og annan rapportering i PIONEERED
  • Vere med på å utvikle, planlegge og organisere samlingar for PIONEERED
  • Tilretteleggje for kommunikasjon og formidling av PIONEERED si forsking gjennom nyheitsbrev, sosiale media og web
  • Støtte prosjektleiar med dagleg administrativt arbeid og kommunikasjon

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Erfaring frå arbeid i Horizon 2020 prosjekt
  • Mastergrad i eit samfunnsvitskapeleg eller anna relevant fag
  • Erfaring med forskingsformidling og kommunikasjon
  • Særs gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • God administrativ IT-kompetanse
  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
  • Særs god i munnleg og skriftleg engelsk og norsk

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 53 ved tilsetjing. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • Ei liste over relevante publikasjonar, forskingsrapportar eller anna relevant formidlingsmateriale du har bidrege til
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida ”Søk på jobben”.

Søknadsfrist: 20 juni 2021.

Søknaden må merkast: 2021/7259

Dei beste kandidatane vil verte kall inn til intervju før tilsetjing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål omkring søknadsprosessen kan rettast til administrasjonssjef Charlotte Lillefjære-Tertnæs, e-post:, Charlotte.Lillefjaere@uib.no telefon +47 55 58 24 31.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

niversitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS