LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

FORSKAR (mellombels) - SFF Centre for Cancer Biomarkers CCBIO

Søknadsfrist: 07.07.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

FORSKAR (mellombels)

Ved Det medisinske fakultet, SFF Centre for Cancer Biomarkers CCBIO, er det ledig ei mellombels stilling som forskar 1108 frå 08.08.2022 til 10.01.2023.

Stillinga er knytt til prosjektet “ Proteomics in breast cancer: Biomarkers for hypoxia-related tumor progression”, finansiert av bevilgning frå CCBIOs NFR-finansering.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Forskaren vil vere del av CCBIO sitt Program 2 gjennom prosjektet “Proteomics in breast cancer: Biomarkers for hypoxia-related tumor progression”
  • Målet for prosjektet er å fortsette prosjektet på mest mogleg effektive måte utan forseinkingar grunna opplæring innan metodar eller behov for å setje seg inn i prosjektet.
  • Prosjektet sikter mot å identifisere nye biomarkørar som reflekterer svulstars mikromiljø og dets kompleksitet, interaksjonen mellom kreft-celler og det omkringliggjande cellene og mikromiljøet si rolle innan utviklinga av sjukdommen.
  • Prosjektet er fokusert på tumor-progresjon, hypoxi, og profilering av proteom innan brystkreft.
  • Stillinga vil fokusere på proteomikk-profilering og data-analyse av proteomikk-data. Forskaren skal utføre analyser av korleis hypoxi påverker tumor-progresjon og skilnader mellom subtypar av brystkreft.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Må ha norsk mastergrad i molekylærbiologi eller tilsvarande kompetanse
  • Søkjarar må ha sterk bakgrunn innan cellebiologi, molekylærbiologi eller liknande felt.
  • Erfaring med cellelinjer, eksperiment med cellekulturar og cellesekretom-analyse er eit krav
  • Erfaring med massespektroskopi-basert protemoikk-analyse er eit krav
  • Erfaring med bioinformatikk og data-analyse, inkludert data-analyse av proteomikk-data er eit krav
  • Erfaring med hypoxieksponerings-eksperiment innan cellekultur er å føretrekke
  • Erfaring med statistisk analyse av pasient-data og overlevelses-analyse er å føretrekke
  • Erfaring med protein-analyse, slik som western blot og ensum-relatert immonosorbente assays er ønskjeleg.
  • Søkjarar må ha flytande engelsk-ferdigheiter, munnleg og skriftleg

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Søkjarar med dokumentert evne til å arbeide sjølvstendig, samarbeide godt, høg grad av motivasjon og ansvarskjensle, og som har høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking, vil verte føretrekke.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan biomarkørar for brystkreft
  • Løn frå lønssteg 50 etter tenesteansiennitet (kode 1108/lønstige Lang) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing,for tida kr 471 300 brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • Eventuelle publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk

Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

General information:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS