Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar (mellombels) - Klinisk institutt 2 (PERAID)

Søknadsfrist: 29.05.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ein 100 % mellombels stilling som forskar utan doktorgrad i inntil 23 månader i tida mellom 01.03.2020 og 01.04.2023. Det er ein føremon om søkjar har hovudstilling innan medisinsk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus.

Stillinga er knytt til prosjektet “PERAID” , finansiert av NORDFORSK gjennom Noregs Forskingsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

I persontilpassa medisin bruker vi informasjon om biologiske forhold, som analyser av gener, proteiner eller faktorer som påverkar ein spesifikk sjukdom, til å betre kvaliteten i utvikling av tilbod tilpassa mindre pasientgrupper. Det er behov for å utvikle denne tilnærminga ved akutte og alvorlege infeksjonssjukdomar. I prosjektet PERAID vil vi utvikle persontilpassa medisin gjennom å utføre prospektive studiar av pasientar med sepsis; alvorleg infeksjon som utløyser sviktande organsystemer. Det blir i denne stillinga eit særleg fokus på utføring av legeoppgåver som skal utførast innanfor denne eksplorative, kliniske og internasjonale multisenterstudien, der målsettinga er å lage verktøy for å identifisere pasientar som skal ha persontilpassa behandlingar, samt utvikle persontilpassa behandlingstiltak. Dei viktigaste oppgåvene til forskaren blir inklusjon av aktuelle pasientar både i og utanfor intensivavsnitt, prøvetaking av pasientar. Vidare må man kunne handsame, prosessera og lagre biologisk materiale, humane blodprøver, vevsprøver og mikrobiologiske prøver som vert tekne både akutt og planlagt. Man skal vidare kunne delta i datasamling, dataanalyse, vitskapeleg samanstilling med tanke på publisering i internasjonale og nasjonale journaler, samt i media. Enklare laboratoriearbeid kan påreknas. Det vil bli deltaking i korte møter innanfor Skandinavia, i lag med våre samarbeidspartnarar. Det er ønskeleg med utvikling av forskararbeidet til søknad om doktorgradsprosjekt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Cand.med med norsk autorisasjon
  • det er ein føremon å vere spesialist i indremedisin og infeksjonssjukdomar. Dersom søkjar ikkje er spesialist, må ein vere LIS lege i utdanning innanfor minst ein av desse to spesialitetane
  • må beherske norsk munnleg på høgste nivå og engelsk på høgt skriftleg nivå
  • søkjar bør ha omfattande praktiske ferdigheiter i handsaming av akuttmedisinske oppgåver som lege
  • Søkjar må ha praktiske kunnskapar som lege innan basale smittevernstiltak
  • det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
  • Søkjar må ha stor arbeidskapasitet, entusiasme for forsking og vere ansvarsmedviten.
  • søkjar må jobbe både sjølvstendig og i samarbeide med

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • løn frå lønssteg 51-61 etter tenesteansiennitet (kode 1108/lønsramme 25.5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida kr 456 400 - 542 400 brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • eventuelle publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor II Steinar Skrede e-post: steinar.skrede@helse-bergen.no , tlf.:55972947, 99252796

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS