LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar i syntese og karakterisering av metallorganiske rammeverk

Søknadsfrist: 26.09.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar i syntese og karakterisering av metallorganiske rammeverk

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som forskar i syntese og karakterisering av metallorganisk rammeverk med bifunksjonelle linkermolekyler. Stillinga er for ein periode på to år og knytt til prosjektet «Metallorganiske rammeverk for utvinning og separering av kritiske metaller» finansiert av Norges Forskningsråd

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Hovudmålet med prosjektet er å identifisere, utvikle og demonstrere bruken av metallorganiske rammeverk (MOF) for gjenvinning og separering av kritiske metall som er relevante for lavkarbon energiteknologiar som batteri, solceller, vindenergi og katalyse. Hovudoppgåvene for forskaren vil være syntese av bifunksjonelle organiske linkermolekyl, syntese av metallorganiske rammeforbindelsar ved bruk av disse linkerne, og karakterisering av dei oppnådde materiala, primært ved røntgendiffraksjon, inkludert synkrotroneksperiment, termisk analyse og sorpsjonsmålingar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Det er forventa at kandidatar til stillinga er på det øvste nivået i klassen med omsyn til akademiske prestasjonar og vil bli valt i samsvar med målet for Universitetet i Bergen om å være ein leiande forskingsinstitusjon.

Følgjande kvalifikasjonar er eit krav:

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.–grad eller tilsvarande utdanning innanfor kjemi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Omfattande erfaring med syntese og karakterisering som er relevant for metallorganiske rammeverk

Følgjande kvalifikasjonar er ein føremon:

  • Ein sterk bakgrunn innanfor syntese og karakterisering av metallorganiske rammeverk
  • Ein sterk bakgrunn i bestemming av krystallstruktur og diffraksjonsmetodar
  • Ein sterk bakgrunn i syntese av organiske linkermolekyl for framstilling av metallorganiske rammeverk

Følgjande kvalifikasjonar er ønskeleg:

  • Erfaring med søknader om stråletid og planlegging og gjennomføring av synkrotronbaserte eksperiment.
  • Omfattande erfaring med å utføre gassadsorpsjonseksperiment og vedlikehald av instrumentering
  • Erfaring med faste adsorbent for metalladsorpsjon frå løysingar
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode kommunikasjonsevner i munnleg og skriftleg engelsk.

Søkjarar må også

  • kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • ha gode kommunikasjonsevner i munnleg og skriftleg engelsk.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • løn etter lønssteg 61 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr 553 500. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine vitskaplege arbeid og forskingsinteresser, og motivasjonen for å søkje stillinga med tydeleg kommentar om korleis kandidaten oppfyller kvart av krava til stillinga.
  • Namn og kontaktopplysningar til 2-3 referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden, må du levere ei stadfesting på at doktoravhandlinga er levert.
  • Relevante attestar
  • En komplett liste over publikasjonar og opptil 5 akademiske arbeider som søkjaren ønsker vurdert av evalueringskomiteen. Søkjarar bør gje detaljar om deira bidrag til publikasjonane.
  • Doktorgradsavhandlinga

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Pascal Dietzel, Kjemisk institutt, e-post pascal.dietzel@uib.no,tlf. +47-55583368

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS