LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar i informatikk – formalisering av algoritmar i bevisassistentar

Søknadsfrist: 30.06.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar i informatikk – formalisering av algoritmar i bevisassistentar

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei mellombels stilling som forskar i informatikk – algoritmar.

Stillinga er for ein periode på 2 år og knytt til prosjektet «Symboalgo», finansiert av Forskingsrådet.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju etablerte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Vi bygger i tillegg opp en gruppe innan informatikk fagdidaktikk. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.

På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 900 studentar, 150 tilsette, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar og 70 stipendiatar. Vi har etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Hovudmålet med prosjektet SYMBOALGO er utviklinga av algoritmar som opererer på symbolske representasjonar av kombinatoriske objekt. Som forskar i prosjektet vil du arbeide med formalisering av slike kombinatoriske algoritmar i Coq proof-assistenten, og med implementering av formelt verifiserte algoritmar for kombinatoriske problem. Du bør ha genuin interesse for underfelt av diskret matematikk, slik som kombinatorikk, algoritmar, osb., og sterk dokumentert ekspertise i å formalisere matematiske konstruksjonar eller algoritmar i Coq proof-assistenten.

Forskaren blir forventa å presentere resultat på internasjonale konferansar og workshops.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk doktorgrad eller tilsvarande grad informatikk eller relatert område, eller ha levert doktoravhandlinga til vurdering før søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Du bør vere ekspert på Coq proof-assistenten. Dokumentert evne til å formalisere matematiske konstruksjonar eller algoritmar i Coq er hovudkravet for denne stillinga.
  • Gode evner i enkelte underfelt av diskret matematikk, som kombinatorikk, grafteori, etc, er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 62 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 563 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar
  • Dokumentasjon av ferdigheter i Coq proof-assistenten.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan 30 Juni 2022.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt Lene Sørheim.

Ansettelse er underlagt godkjenning i henhold til loven om eksportkontroll

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS