LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar i havbruksbiologi

Søknadsfrist: 22.09.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Institutt for Biovitskap (BIO) er det ei ledig stilling som forskar i havbruksbiologi. Stillinga er finansiert av eksterne midlar. Dei første 3 åra er stillinga finansiert av prosjektane FREMAD og SkatteFUNN.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Norsk oppdrettsnæring har vore i rask utvikling dei siste 40 åra, og er i dag verdsleiande i oppdrett av laks og aure. Det er likevel ei voksande bekymring for næringa sitt økologiske fotavtrykk. Dette er knytt til forhold som lakselus, sjukdom, rømming og dødelegheit hos smolt i ferskvatn og stor laks i sjøanlegg.

For å møte desse utfordringane utviklar næringa nå moderne resirkuleringsanlegg (RAS) for å sikra optimal kontroll av viktige miljø parameter i produksjon av stor postmolt (> 500 g). Samtidig er det et aukande problem med tidleg kjønnsmodning hos hannfisk i sjøvatn frå intensiv RAS-produksjon av postsmolt. Gjennom denne prosjektstillinga vil vi takle denne problemstillinga.Forskaren skal jobbe på FREMAD-prosjektet (Fremtidens Lakseoppdrett), som undersøker problemstillingar knytt til tidleg modning hos Atlantisk laks etter smolt. Aktivitetane vil gjennomførast i samarbeid med oppdrettsbedriftene knytt til prosjektet. Målsettinga er å identifisere viktigheita av miljømessige, reguleringsmessige, fysiologiske og endokrine faktorar som forårsakar tidleg modning i oppdrett (ferskvatn og sjøvatn). Ny kunnskap frå forskinga er forventa å bidra til nye produksjonsprotokollar som skal redusera risiko for tidleg modning i intensiv RAS. Dette skal gjerast ved å gjennomføra kontrollerte forsøk i liten og stor skala, i tillegg til analyse av morfologi, genetiske og endokrine markørar relatert til tidleg pubertet hos laks, og ved at forskaren hentar inn og analyserer store datasett frå oppdrett i RAS.

Stillinga er knytt til eksternt finansierte prosjekt i gruppa ‘Marin utviklingsbiologi’. Dei første tre åra er stillinga finansiert gjennom NFR-IPN prosjektet FREMAD (Fremtidens Lakseoppdrett). Forskingsgruppa Marin utviklingsbiologi har rundt 20 personar i arbeid fordelt på faste vitskapelege stillingar, postdoktor-, doktorgradsstillingar og tekniske stillingar innan fagområda fysiologi og anatomi. Gruppa si forsking er prosjektbasert, og aktivitetane varierer over tid. Dei siste åra har aktivitetane i hovudsak vore knytt til forsking på laksefisk. For oversikt, sjå BIO si nettside.

Arbeidsoppgåver i prosjektet

Forskaren skal vere ansvarleg for å gjennomføre eksperimenter og for å koordinere prøvetaking ved Universitetet i Bergen og industripartnerane. Kandidaten må difor sjølve kunne gjennomføre eksperiment, analysere prøver og datasett, og samarbeide godt med partnarane i prosjektet.

• Kartlegge og fremme nye problemområde i samarbeid med havbruksbedrifter

• Planlegging, styring og oppfølging av nye FoU-prosjekt

• Leie feltaktivitetar og prøvetaking, inkludert laboratoriearbeid med fisk, vatn og fauna.• Gjennomføra laboratorieundersøkingar i tilknytting til prosjektoppgåver

• Dataanalyse og rapportskriving.

• Fagleg oppfølging av master- og ph.d.-studentar• Publisering og formidling av forskingsresultat

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor biologi, havbruk eller fysiologi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Evne til å hente inn eksterne forskingsmiddel må dokumenterast.
  • Solid erfaring med planlegging og gjennomføring av praktisk forsøk på lab og i felt, mellom anna å koordinere og forberede innsamling av fiskeprøver, er eit krav.
  • Erfaring innan forskingsfelta kjønnsmodning hos laks, smoltifisering, stress og vekst i atlantisk laks er eit krav.
  • Erfaring med molekylærbiologiske teknikkar (RNA/DNA-ekstraksjon, PCR/qPCR), enzymatisk analyse for måling av Na +, K +, ATPase-aktivitet i gjelleprøver og fettsyreanalyser (Folch-ekstraksjon, lipidklasser og FAME-fettsyreanalyser) er eit krav.
  • Solid erfaring innan dataanalyse og statistiske metodar (ANOVA, modeller for blanda effektar, generaliserte lineære modellar og ulike typar regresjon, multivariate data-analysemetodar som PCA, MFA, klynging (AHC, K-middel) eller klassifiseringstrær er eit krav.
  • Søker må inneha FELASA eller tilsvarande lisens for å køyre dyreforsøk.
  • Kunnskap om intensiv produksjon av postsmolt i RAS-anlegg og kunnskap om norsk lakseoppdrettssektor er ein føremon.
  • Erfaring med bruk av avanserte automatiserte laboratorierobotar vil være ein føremon.
  • Vitskapelege publikasjonar i relevante tidsskrift, presentasjonar i seminar/konferansar osv. innan fiskefysiologi eller havbruk er en føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner. Dei må syne at dei kan ta del i eit internasjonalt og tverrfagleg team, og at dei er proaktiv, initiativrik, løysingsorientert og har stå-på vilje.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Norsk eller skandinaviske språkkunnskapar er ein føremon.

Personlege eigenskapar og relevant forskingserfaring (kvaliteten og bredde) vil verte vektlagt under rekrutteringsprosessen. Erfaring, personleg interesse og ambisjon må dokumenterast i motivasjonsbrevet og i intervju om stillinga, og vil vektleggast i vurderinga av kandidatar.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 61 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr 553 500. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Forskar 1109 i fast stilling kan søke om opprykk til forskar 1183 på grunnlag av kompetanseerklæring. Finn meir informasjon her.

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål,. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden, må du levere ei stadfesting på at doktoravhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under.
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansierte.
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmiddel til fagmiljøet, til seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder.
  • Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med.
  • Instituttleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt.
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
  • Forskaren har normalt ikkje undervisningsplikt, men er forventa å rettleie master- og ph.d.-studentar, i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa.
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa tek slutt. Ny lov om statens tilsette mv. om oppseiing og fortrinnsrett vert då gjeldande.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Sigurd Handeland, Sigurd.Handeland@uib.no, Telefon: +47 97179607

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS