Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar i anvendt matematikk / hydrodynamikk

Søknadsfrist: 05.03.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Matematisk institutt er det ledig ei fast stilling som forskar i anvendt matematikk/hydrodynamikk.

Stillinga er finansiert av eksterne midlar. Dei første tre åra er stillinga finansiert av prosjekta AMOFF, «Assurance Monitoring for Offshore CO2 storage sites», støtta gjennom Akademiaavtalen med Equinor, ACTOM, «Act on Offshore Monitoring», finansiert av ACT-programmet, og FACTS, «Fluxes and Fate of Microplastics in Northern European Waters», finansiert av JPI-Oceans programmet.

Dei tre prosjekta fokuserer på transport av sporstoff og partiklar i marine miljø, og korleis ein kan bygge gode overvakingsprogram for å oppdage endringar og sikre forståing av mogelege miljøkonsekvensar

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Vedlikehalde, bruke og utvikle transportmodellar for sporstoff og partiklar.
  • Analysere og kombinere data, frå simuleringar og in-situ målingar.
  • Modellverifisering, validering og kvalitetsevaluering.
  • Bygge dokumenterte numeriske bibliotek og modular til modellrammeverket.
  • Skrive rapportar og publisere fagfellevurderte vitskapelege artiklar.
  • Presentasjon på nasjonale og internasjonale møter.
  • Initiere og delta i etablering av nye prosjekt.
  • Rettleiing av master- og ph.d.-studentar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.–grad eller tilsvarande utdanning innanfor anvend matematikk.
  • Erfaring frå internasjonale prosjekt er eit krav.
  • Bakgrunn frå eller erfaring med modellering av væskeflyt i marine område er eit krav.
  • Erfaring i statistikk og/eller inverse metodar er eit føremon.
  • Bakgrunn frå dynamiske system er eit føremon.
  • Søkjarar må ha gode ferdigheiter i programmering, god kjennskap til Python er eit føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Aktuelle kandidatar vil få ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i si forsking. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 523 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer innunder.
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert.
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder.
  • Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren, og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.
  • Instituttleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
  • Forskaren har normalt ikkje undervisningsplikt, men er forventa å rettleie master- og ph.d.- studentar, i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa.
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk.
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS