Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar i anvend og utrekningsorientert matematikk – utrekningsorientert mekanikk for oppsprukne porøse media (mellombels)

Søknadsfrist: 15.09.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Matematisk institutt er det ledig ei mellombels stilling som forskar i anvend og utrekningsorientert matematikk – porøse media frå 1. januar 2021. Stillinga er for ein åremålsperiode på 1 år, knytt til prosjektet “Thermo-Mechanical Subsurface Energy Storage (TheMSES)”, finansiert av «Toppforsk»-satsinga ved Noregs Forskingsråd.

Prosjektet fell inn under forskingsgruppa for porøse media, som omfattar omkring 30 personar, inkludert fast vitskaplege tilsatte, postdoktorar, ph.d- og masterstudentar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Hovudmålet med TheMSES-prosjektet er å etablere matematiske modellar og numeriske metodar som vert kravd for å vurdere og utvikle energilagring under overflaten.

Forskerprosjektet knytt til denne utlysinga dreier seg om å forstå korleis sprekkar kan oppstå og opnast som følgje av endringar i strøyming og temperatur i grunnen når varme væsker vert pumpa ned under høgt trykk og seinare produsert. Denne utlysninga høyrer til Arbeidspakke 1, der hovudmålet er å utvikle matematiske modellar og tilhøyrande numeriske løysingsmetodar som kan bidra til å forstå korleis ulike prosessar i undergrunnen påverkar kvarandre . Det skal rettast særleg merksemd mot effektar av gjentatt lagring og produksjon i same formasjon. Utvikling av matematiske og numeriske modellar for å forstå korleis ulike mekanismar for opning og forplantning av sprekkar virkar saman, vil vere sentrale oppgåver i prosjektet.

TheMSES-prosjektet involverer samtlege fast tilsette i forskingsgruppa for porøse media ved instituttet, og har allereie rekrutttert fire ph.d studentar og ein postdoktor. Se http://themses.b.uib.no for ytterlegare informasjon.

Nærare omtale av instituttet kan ein finne på https://www.uib.no/math

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor anvend og utrekningsorientert matematikk, eventuelt i fysikk, geovitskap eller tilsvarande, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Solid bakgrunn i matematisk modellering, partielle differensiallikningar, numeriske metodar og numerisk simulering er ein føremon.
  • Erfaring med bruksområde innan bergmekanikk, elastisitet og eventuelt også strøyming i porøse media er ein føremon.
  • God evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert og gode samarbeidsevner.
  • Flytande skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Vi kan tilby:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 523 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS