LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar (3 år) - Klinisk institutt 1

Søknadsfrist: 02.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %) i bioinformatikk. Stillinga er eksternt finansiert, og er knytt til prosjekt «Neuro-SysMed». Prosjektet har ei førebels finansiering i tre (3) år.

Neuro-SysMed er eit forskingssenter for klinisk behandling i nevrologi, med Haukeland Universitetssjukehus og Universitetet i Bergen som vertsskap. Senteret er leia av professor Kjell-Morten Myhr (senterleiar og ansvarleg for multippel sklerose) og professor Charalampos Tzoulis (vise-senterleiar og ansvarleg for nevrodegenerasjon). Neuro-SysMed gjennomfører grensesprengande klinisk forsking, med ambisjon om å oppdage og prøve ut effektiv behandling for: Parkinsons sjukdom (PD), fleire formar for demens inkludert Alzheimers sjukdom (AD), multippel sklerose (MS) og amyotrofisk lateral sklerose (ALS). At vi kan tiltrekke oss, og behalde, arbeidstakarar med høg kompetanse er ein fundamental føresetnad for vidare suksess i senteret. Meir informasjon om Neuro-SysMed.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • vi tilbyr ei fantastisk moglegheit for ein ekspert i bioinformatikk, med erfaring i analyse av omics-data, til å bli med i forskingssenteret Neuro-SysMed
  • du vil arbeide saman med ei tverrfagleg gruppe av forskarar, med ekspertise på klinisk, molekylær og datateknisk nevrovitskap som samarbeider med senteret
  • du vil du ha ei nøkkelrolle i å utvikle, vedlikehalde og distribuere pipelines for analyse av diverse omics-data inkludert (men ikkje avgrensa til) enkeltcelle RNAseq, ChIPseq, ATACseq, metylering og heilgenomsekvensering
  • stillinga krev kontinuerleg oppdatering i metodisk utvikling og fremdrift i feltet
  • stillinga gjev gode moglegheiter for karriereutvikling og vekst

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad i bioinformatikk, informasjonsvitskap eller biologi
  • forskaren må ha vitskaplege kvalifikasjonar innan bioinformatikk
  • erfaring frå bioinformatikkforsking vil og bli tillagt stor vekt
  • ekspertise og dokumentert erfaring i pre-prosessering og analyse av diverse typar omikk data (genomikk, transriptomikk, epigenomikk). Dokumentert erfaring i programmering, scripting og software versjon kontroll
  • erfaring i handsaming av sensitive data, inkludert kunnskap om system for å handsame sensitive data og lovgjeving som gjeld slike data
  • godt kjend med Unix-basert miljø
  • kunnskap om grunnleggjande molekylær biologi og genomikk
  • relevante internasjonale publikasjonar
  • det er ønskjeleg at vedkomande har erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar
  • evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjar
  • søkjar må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk og norsk
  • det er ein føremon om søkjar har erfaring frå internasjonalt samarbeid

Personlege eigenskapar - vi ser etter ein kandidat som:

  • er pågåande og har eit ønskje om innovasjon og å gjera ein skilnad
  • er nøye og har fokus på detaljar
  • er villig til å ta ansvar for prosessar og følgjer dei til dei er fullførte
  • er særs god på å arbeide på eit lag
  • viser initiativ og har høg arbeidskapasitet
  • er i stand til å motivere andre og etablere samarbeid på tvers av miljø
  • har gode samarbeidseigenskapar, er god på å kommunisere
  • er fleksibel og innstilt på å hjelpe
  • er systematisk og analytisk
  • er villig til å gjere seg kjend med nye emnar og områdar
  • er god til å arbeide strategisk, strukturert og halde fristar
  • arbeider sjølvstendig og er god på problemløysing

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan neurodegenerative sjukdom
  • løn etter lønssteg 64 (kode 1109/lønsramme 24.8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 575 600. For søkjarar med spesialitet lønssteg 66 (lønsramme 24.10), for tida 597 000 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Høgare lønn kan vurderast for særs kvalifiserte søkjarar.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

  • forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder
  • det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • forskaren har ikkje undervisingsplikt, men forventas å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
  • forskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Charalampos Tzoulis, telefon 55 97 50 58 eller 55 97 50 45 (avdelingskontor), ev. e-post charalampos.tzoulis@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS