LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar 1109 i organisk syntese og radiokjemi

Søknadsfrist: 14.02.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar 1109 i organisk syntese og radiokjemi

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som forskar innan organisk syntese og radiokjemi. Stillinga er for 2 år og er knytt til Tracer Development Center in Bergen som er ein del av 180°N – Norwegian Nuclear Medicine Consortium. Det overordna målet for 180°N er å styrke forskinga innan nukleærmedisin knytt til det nukleærmedisinske utstyret som var donert av Trond Mohn Stiftelsen og Tromsø Forskningsstiftelse til universiteta og sjukehusa i Trondheim, Tromsø og Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Forskingsområdet vil vere innan utvikling av nye syntetiske metodar og nye tracere for molekylær avbilding ved bruk av positronemisjonstomografi.
  • Arbeidet vil være innan organisk syntese, peptidsyntese, syntese av chelatorar for radionuklidar og å konjugera chelaterande einingar til bioaktive sambindingar som til dømes små peptid, peptidomimetika og antistoff. Arbeidet vil også inkludere radiokjemisk merking som vil verte utført i lokala til PET senteret ved Haukeland Universitetssjukehus i Bergen.
  • Kandidaten vil jobbe i team med andre syntese-, lækjemiddel og radiokjemikarar. Oppgåvene vil bli varierte, og du vil få høve til å bidra til utvikling av nye løysingar i eit miljø som har fokus på innovasjon. Den biologiske testinga i prosjektet vil verte utført av andre prosjektmedarbeidarar samt eksterne samarbeidspartnarar.
  • Prosjektet har som mål å framstille nye metodar for radiomerking av PET tracere for prekliniske studiar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Vi ser etter en kandidat som har gode samarbeidsevner og god gjennomføringsevne som kan jobbe målretta og strukturert, både saman med dine kollegaer, men også sjølvstendig. Du er nysgjerrig og entusiastisk til arbeidet ditt. Vi ser etter nokon som ønsker å bidra positivt til eit engasjerande og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. –grad eller tilsvarande utdanning innanfor organisk syntese eller legemiddelkjemi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Høg kompetanse og brei erfaring i organisk syntese er eit krav.
  • Erfaring innan lækjemiddelkjemi og/eller radiokjemi er eit krav.
  • Erfaring innan koordinasjonskjemi er ein føremon.
  • Erfaring med bruk av preparativ og analytisk HPLC er ein føremon.
  • Søkjaren må ha gode engelsk kunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Erfaring frå arbeid i tverrfaglege prosjekt vil vere ein føremon.
  • Det vil verte lagt vekt på at søkjaren har gode kommunikasjonsevner og er personleg skikka for stillinga.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø i ei forskingsgruppe med god kjønnsfordeling og fokus på samarbeid
  • stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 573 900,- (svarar til lønssteg 62) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV (skal lastast opp som separat dokument, maks. 2 sider ekskl. publikasjonsliste)
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden, må du levere ei stadfesting på at doktoravhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste) som inkluderer lenke til doi (digital object identifier) for alle vitskapelege artiklar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Bengt Erik Haug, Kjemisk institutt, telefon: +47 55 58 34 68.
  • Førsteamanuensis Erwan Le Roux, Kjemisk institutt, telefon: +47 55 58 94 91

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS