LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar 1109 i evolusjonær parasittologi

Søknadsfrist: 28.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og ei rekkje senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Institutt for biovitskap ved Universitetet i Bergen er det ledig ei mellombels stilling som forskar i Evolusjonær Parasittologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på to år (24 månader), og er knytt til forskingsprosjektet ParAnthropE finansiert av Noregs Forskingsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Stillinga er ein del av forskingsprosjektet ParAnthropE, Anthropogenic Parasite Evolution, finansiert av Noregs forskingsråd. Hovedmålet er å teste korleis tilhøva som er typiske for intensiv matproduksjon påverkar utviklinga av livshistoria og virulens hjå parasittar; vi gjer dette ved hjelp av eksperimentell evolusjon hjå lakselusa Lepeophtheirus salmonis, som er modellart for smittsam organisme med horisontal, direkte overføring.
  • Det er forventa at kandidaten deltek i samlinga av longitudinelle data og foreldreanalyse i eksperimentelle populasjonar av lakselus. Vi leitar derfor etter nokon med solid erfaring med empirisk forsking innan evolusjonær parasittologi, systematisk datainnsamling og molekylært arbeid.
  • Prosjektet er eit samarbeid med forskarar i Montpellier, Basel og Oslo. Kandidaten vil i hovudsak vere lokalisert ved Universitetet i Bergen, med jamleg kontakt med internasjonale samarbeidspartar ved Universitetet i Montpellier, Basel, og Oslo.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjaren som får stillinga

  • må ha oppnådd ph.d.–grad eller tilsvarande utdanning innanfor evolusjonær økologi.
  • må ha forskingserfaring innan evolusjonær parasittologi.
  • må ha erfaring med statistisk modellering gjennom R-programmet.
  • må ha gjennomført FELASA-kurs i Forsøksdyrlære (LAS).
  • erfaring med levande fisk på lab er ein føremon.
  • erfaring med (bi)rettleiing av studentar innan fiskehelse, parasittologi, eller evolusjonær økologi er ein klar føremon.
  • dokumentert erfaring innan blanda modellar, forsking med lakselus, og/eller arbeid ved eit molekylær biologisk laboratorium er ein føremon
  • må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • må ha gode norskkunnskapar.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 61 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr 553 500. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden, må du levere ei stadfesting på at doktoravhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Dr. Adele Mennerat (Institutt for Biovitskap, UiB).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Les meir om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS