Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Leksikograf (forskar)

Søknadsfrist: 14.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

For ein gjennomgåande leksikografisk revisjon av nettordbøkene Nynorskordboka og Bokmålsordboka lyser Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) ved Universitetet i Bergen ut ei toårig prosjektstilling (100 %) som leksikograf – forskar i kode 1108 (med mastergrad) eller kode 1109 (med doktorgrad).

Revisjonsprosjektet er finansiert over statsbudsjettet med ei planlagd tidsramme på 5,5 år. Oppstarten var i 2018, og prosjektet skal gå fram til sommaren 2023. Bokmålsordboka og Nynorskordboka er eigde av Universitetet i Bergen og Språkrådet. Målet med revisjonen er å oppdatere ordbøkene slik at dei held fram med å vere dei viktigaste kjeldene til oppdatert og fullstendig informasjon om korleis ein skriv og bøyer det sentrale ordtilfanget i moderne bokmål og nynorsk. Utvalet av ord, korleis dei er definerte og døme på bruk skal i hovudsak spegle dagens språkbruk. I tillegg er eit viktig mål med Revisjonsprosjektet å utvikle eit fast leksikografimiljø som mellom anna skal forvalte og utvikle Språksamlingane ved Universitetet i Bergen.

Arbeidsoppgåver og ansvar:

Hovudoppgåva til leksikografane er innhaldsrevisjon av nettordbøkene Nynorskordboka og Bokmålsordboka. I tillegg til revisjon av definisjonstekst er dei viktigaste oppgåvene å gjere ordbøkene likare kvarandre i struktur og omfang og å vurdere opptak av nye oppslagsord og tydingar. Ordbøkene skal vere brukarvenlege og pålitelege ressursar for ålmenta.

Leksikografen skal inn i ei eksisterande redaksjonsgruppe med fire andre leksikografar og ein hovudredaktør som er fagleg leiar for revisjonsarbeidet. Prosjektet har dessutan ein prosjektleiar som er bindeledd til instituttet (LLE) og Det humanistiske fakultetet. Dei tilsette på Revisjonsprosjektet er ein fagleg og sosial del av det vitskaplege miljøet ved instituttet, og dei samarbeider òg tett med Språksamlingane og den fast tilsette leksikografen for ordbøkene der. Det finst dessutan eit arbeidsutval og ei styringsgruppe for prosjektet med representantar frå UiB og Språkrådet. Språkrådet deltek òg direkte i prosjektet, mellom anna med normeringsfagleg hjelp og med sluttkontroll av reviderte ordartiklar.

Det blir gjeve opplæring i redaksjonelle retningslinjer og bruk av redigeringsplattform. Erfaring i bruk av redigeringsverktøy, databasar og tekstkorpus er ein føremon. Det vil òg vere nødvendig å kunne kommunisere med programmerarar om utvikling av programvare undervegs i prosjektet.

Meir informasjon om ordbøkene og Revisjonsprosjektet finn du her:

https://www.uib.no/lle/revisjonsprosjektet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • høgare utdanning minst på mastergradsnivå eller tilsvarande i nordisk språkvitskap eller anna relevant språkfag
  • god kjennskap til prinsipp for språkleg dokumentasjon og grammatikk
  • relevant leksikografisk praksis
  • redaktøren må meistre begge målformer særleg godt og ha inngåande kjennskap til gjeldande norm for både bokmål og nynorsk
  • ryddig, initiativrik, fleksibel og resultatorientert
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. Arbeidsstad er Bergen.

Vi tilbyr:

  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • stilling som forskar (stillingskode 1108 i lønssteg 52–64 (for tida kr 456 500–565 100) eller stillingskode 1109 i lønssteg 64 (for tida kr 565 100) i det statlege lønsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjar kan det vurderast høgare løn
  • fleksibel arbeidstid
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Send søknad elektronisk ved å klikke på knappen merkt «Søk stillinga» på denne sida.

  • Dette må følgje den elektroniske søknaden:
  • søknadsbrev
  • CV
  • Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular
  • informasjon om og dokumentasjon tidlegare røynsle og verksemd
  • publikasjonsliste
  • inntil 5 vitskaplege arbeid
  • namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Vitskaplege arbeid kan leverast skriftleg til instituttet dersom søkjar ønskjer dette. Send arbeida til Universitetet i Bergen, LLE, Postboks 7805, 5020 Bergen, i tre eksemplar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Søknadsfrist: 14.06.2019

Merk søknaden med: 19/5470

Generell informasjon:

Det er ønskjeleg at den som blir tilsett, kan starte opp så tidleg som mogleg.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Hovudredaktør for Revisjonsprosjektet, Margunn Rauset tlf.: 55 58 24 63, e-post: margunn.rauset@uib.no eller
  • Instituttleiar Anders Fagerjord, tlf.: 55 58 36 53, e-post: anders.fagerjord@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS