Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Leksikograf / Hovedredaktør (forskar)

Søknadsfrist: 10.05.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Leksikograf/Hovedredaktør (forkar)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

På prosjektet Norsk Ordbok revisjon a–h (NO-AH) lyser Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) ved Universitetet i Bergen ut ei fast 100 % stilling som leksikograf – forskar i kode 1108 (med mastergrad) eller kode 1109 (med doktorgrad). Den som vert tilsett, skal vere hovudredaktør for prosjektet. Arbeidsstad er Universitetet i Bergen. Det er utarbeidd eigen arbeidsinstruks for stillinga. Tiltreding 1. august 2019 eller etter avtale.Prosjektet er finansiert gjennom statsbudsjettet etter søknad for kvart budsjettår, og løyvinga for 2019 går til oppstart og igangsetjing av prosjektet. Ein reknar med ei tidsramme for prosjektet på totalt 10 år med ei redaktørgruppe som vert bygd ut frå 2020 alt etter storleiken på dei årlege tildelingane. Prosjektet skal bidra til å byggje opp eit vitskapleg leksikografisk fagmiljø ved Universitetet i Bergen.«LLE er eitt av fire institutt ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Instituttet femner om faga litteraturvitskap, språkvitskap, norsk som andrespråk, nordisk språk og litteratur, norrøn filologi, kunsthistorie, klassisk filologi, teatervitskap og digital kultur og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette. Det er om lag 75 vitskapeleg tilsette ved instituttet, 40 ph.d.-kandidatar og 16 personar knytte til administrasjonen.»

Arbeidsoppgåver og ansvar

Norsk Ordbok 2014 vart fullført i 2015 med ei papirutgåve i tolv band og med digital versjon av delen (alfabetstrekket) som går frå i til å. Føremålet for prosjektet er no å fullføre Norsk Ordbok på nett ved å revidere innhald og form på delen frå a til h (NO-AH) og slik skape ei harmonisert og komplett elektronisk Norsk Ordbok.Delmål er å skape ein fritt tilgjengeleg, dynamisk ordboksdatabase frå a til å over norsk talemål som er dokumentert i den nynorske (etterreformatoriske) perioden, og over utviklinga av nynorsk skriftmål. Prosjektet skal leggje til rette for sams digital infrastruktur for norsk språk ved å skape samverknad mellom Norsk Ordbok og andre ordbokbasar, slik at Norsk Ordbok blir søkbar med oppdatert rettskriving og får bøyingsopplysningar på alle ordartiklar. Det er òg planen å utvide bruken av kart til å vise utbreiing av oppslagsord, dialektordformer og tydingar. Resultatet skal bli eit elektronisk system som gjev ein eksplisitt, lettbrukt og vitskapleg fundert presentasjon av norsk ordtilfang.Hovudredaktøren skal ha eit overordna fagleg og organisatorisk ansvar for det leksikografiske arbeidet, særleg for å kvalitetssikre innhaldet i ordbokartiklane og syte for redaksjonell konsistens. Hovudredaktøren vil òg fungere som prosjektkoordinator og bindeledd til instituttet (LLE) og Det humanistiske fakultetet. Dei tilsette ved prosjektet blir ein fagleg og sosial del av det vitskaplege miljøet ved instituttet, og dei vil òg samarbeide tett med Språksamlingane og den fast tilsette leksikografen for ordbøkene i tillegg til prosjektet Revisjon av Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Det vil bli oppnemnt ei styringsgruppe for prosjektet.Det blir gjeve opplæring i redaksjonelle retningslinjer og bruk av redigeringsplattform. Erfaring i bruk av redigeringsverktøy, databasar og tekstkorpus er ein føremon. Det vil òg vere nødvendig å kunne kommunisere med programmerarar om utvikling av programvare undervegs i prosjektet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning minst på norsk mastergradsnivå eller tilsvarande i nordisk språkvitskap eller anna relevant språkfag
  • God kjennskap til prinsipp for språkleg dokumentasjon
  • Relevant leksikografisk praksis
  • Hovudredaktøren må meistre begge dei norske målformene, særleg nynorsk, og ho/han må ha inngåande kjennskap til struktur og variasjon i norsk talemål, gjeldande norm for både bokmål og nynorsk, og god kjennskap til nynorsk språkhistorie
  • Ryddig, tiltaksam, fleksibel og resultatorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Innsikt i språkteknologisk arbeid er ein føremon. Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Stilling som forskar stillingskode 1108 i lønssteg 52–64 (for tida kr 456 500–565 100) eller stillingskode 1109 i lønssteg 64 (for tida kr 565 100) i det statlege lønsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

Send søknad elektronisk ved å klikke på knappen merkt «Søk stillinga» på denne sida.Dette må følgje den elektroniske søknaden:

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular
  • Informasjon om og dokumentasjon på tidlegare røynsle og verksemd
  • Publikasjonsliste
  • Inntil 5 vitskaplege arbeid
  • Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.Vitskaplege arbeid kan leverast skriftleg til instituttet dersom søkjaren ønskjer dette. Arbeida skal sendast til Universitetet i Bergen, LLE, Postboks 7805, 5020 Bergen, i tre eksemplar.Spørsmål til den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.Søknadsfrist 10. mai 2019Søknaden skal merkjast 19/3932

Generell informasjon:

Det er ønskjeleg at den som blir tilsett, kan begynne så tidleg som mogleg. Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Leiar for Språksamlingane Peder Gammeltoft, tlf.: 55 58 21 95, e-post: peder.gammeltoft@uib.no eller
  • Prosjektleiar Johan Myking, tlf.: 55 58 24 18, e-post: johan.myking@uib.no

Arbeidsstad er Universitetet i Bergen.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS