Stilling:

Forskar ved Senter for alders- og sjukeheimsmedisin

Søknadsfrist 10.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %). Stillinga er eksternt finansiert og er for tida knytt til Senter for alders- og sjukeheimsmedisin. Stillinga er finansiert av midlar frå Helsedirektoratet til SEFAS.

Om senteret

Senter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS) er ein del av Institutt for global helse og samfunnsmedisin. Sentret er leia av professor Bettina Husebø. SEFAS har hovudfokus på forsking, undervising og implementering - basert på nasjonalt og internasjonalt samarbeid. SEFAS er del av Fagområde for eldremedisin, samfunnsfarmasi og tverrprofesjonell praksis (FEST) og er knytt til det nyoppretta Senter for klinisk behandling ved Haukeland universitetssjukehus. SEFAS har for tida 16 medarbeidarar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • rettleie ph.d.-stipendiatar
  • utvikle og beskrive forskingsprosjekt
  • søke om eksterne midlar til forskingsprosjekt
  • jobbe for internasjonalisering av senteret sin forsking
  • gjennomføre kortare undervisningsoppdrag på vegne av SEFAS

Den som vert tilsett vil inngå som medarbeidar i fleire av sentret sine forskingsprosjekt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
  • det er eit ønskje at søkjar har vitskaplege kvalifikasjonar innan geriatri, medisin, nevrologi, helsefag eller demens.
  • erfaring frå innovativ forsking vil og bli tillagt stor vekt
  • det er eit ønskje at søkjar har erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar
  • evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
  • søkjar må høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk og norsk. Det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid.

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan alders- og sjukeheimsmedisin
  • løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1109/lønsramme 24.3 – 24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 515 200 – 544 400 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar

  • forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
  • forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • CV
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid (pdf) du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Bettina Husebø, e-mail: Bettina.Husebo@uib.no, tlf.: +47 55 58 67 35

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS