Stilling:

Forskar (mellombels) - Klinisk institutt 2

Søknadsfrist 27.01.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei mellombels stilling som forskar (100 %) fram til 31. juli 2020.

Stillinga er knytt til prosjekta ”Towards Versatility of Aquatic Production Platforms: Unlocking the Value of Nordic Bioresources (NordAqua)”, finansiert av NordForsk, og ”Precision therapy in childhood cancer” finansiert av Barnekreftforeningen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga er knytt til to prosjekt. Det eine tar sikte på å undersøka ulike akvatiske planter og mikroorganismar for innhald av potensielle anti-cancer agens. I dette prosjektet vil delar av arbeidet vere testing av ulike ekstrakt for innhald av anti-cancer aktivitet, med vekt på aktivitet mot akutt myeloid leukemi (AML). Vidare arbeid vil vere eksperiment med reine substansar på ulike AML-cellelinjer og finne verknadsmekanismen til desse. Studiar av verknadsmekanisme vil vere i samarbeid med professor Stein Ove Døskeland ved Institutt for biomedisin.

Det andre prosjektet tek sikte på å utvikla betre behandling av kreft hjå born. Det er særleg to tilnærmingar vi vil nytte: Ny bruk av allereie eksisterande legemiddel, og nanopartiklar for å auka terapeutisk respons og senka biverknader. Arbeidet vil vere dels å testa ut nye behandlingar på cellelinjer, og dels på pasientceller mottatt frå andre partnerar i prosjektet. Det vil også verte utvikla nye legemiddelformuleringar.

For begge prosjekta er det ønskeleg at kandidaten deltek aktivt i møter, planlegging og rapportskriving. Det vil også vere naturleg at kandidaten er med og rettleier masterstudentar og ph.d.- kandidatar.

Arbeidsoppgåver lagt til stillinga:

  • Planlegging og utføring av cellebiologiske forsøk, inkludert testing av cytotoksisitet av større tal prøver (HTS)
  • Avanserte celleforsøk for å greie ut verknadsmekanismar
  • Ekstrahering av bioaktive stoff / toksin
  • Formulering av legemiddel
  • Skriving av rapportar og vitskaplege artiklar
  • Arbeidet vil vera i tett samarbeid med forskarar innan legemiddelformulering, legemiddelutvikling og naturstoffkjemi og klinikarar
  • Kandidaten vil vera del av to ulike forskingsprosjekt, og det er venta at han/ho deltek på møter og samlingar innan desse prosjekta

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
  • søkjar må ha vitskaplege kvalifikasjonar innan cellebiologisk arbeid og / eller legemiddelutvikling
  • erfaring frå kreftforsking vil og verte tillagt stor vekt
  • kjennskap til cellebiologiske metodar, som flow-cytometri, western-blotting, arbeid med primære celler og liknande er ein føremon
  • det er eit ønskje at søkjar har erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar, og skriving av rapportar
  • personlege eigenskapar inkludert evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
  • søkjar må vere motivert og ansvarleg, og ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk
  • det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø i forskingsfronten innan utvikling av legemiddelbasert behandling av kreft
  • Løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1109) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 515 200 - 544 400 pr år brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid (pdf) du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen