Stilling:

Forskar (mellombels) - Klinisk institutt 1

Søknadsfrist 03.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei mellombels 100% stilling som forskar for ein periode på eitt (1) år.

Stillinga er knytt til Mohn ernæringsforskingslaboratorium og prosjektet “CARBFUNC”, finansiert av Universitetet i Bergen, Haukeland universitetssjukehus og Bergens forskningsstiftelse (BFS).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet er ein randomisert kontrollert klinisk studie som samanliknar effektar av karbohydratkvalitet- og mengde på magefedme og relaterte markørar for sjukdomsrisiko. Studien gjennomførast ved Forskingseining for helseundersøkingar (FHU) (https://www.uib.no/en/ruhs/119849/carbfunc).

i tett samarbeid med andre forskarar innan ernæring vil forskaren ha i oppgåve å:

  • Planleggje/tilretteleggje for praktisk gjennomføring av studien, inkludert rekruttering og booking av deltakarar til visitt
  • Presentere prosjektet for potensielle- og rekrutterte deltakarar (både individuelt og i grupper)
  • Oppfølging av deltakarar med motiverande intervju (MI), gruppemøter og via e-post og telefon
  • Gjennomgang og kvalitetskontroll av kostregistreringsdata
  • Imøtekome ønsker fra deltakarar om nye oppskrifter og anna tilrettelegging av kosthaldsplanane
  • Gjennomføre visittar med datainnsamling, deriblant bioimpedansmåling (BIA) og blodtrykk
  • Organisere innhenta data, inkludert plotting av data frå spørjeskjema

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • må ha norsk mastergrad i ernæring, helsefremmande arbeid eller tilsvarande kompetanse. Må ha bachelorgrad innan ernæring
  • må snakke og skrive flytande norsk, og beherske engelsk på eit høgt nivå, både munnleg og skriftleg
  • søkjar må ha erfaring med klinisk forsking, inkludert rekruttering, personleg oppfølging av deltakarar og motiverande intervju, og innsamling, analyse og tolking av data frå relevante kliniske studiar
  • søkjar må i tillegg ha kunnskap innan ernæring og helsefremmande arbeid
  • erfaring med bioimpedans- og blodtrykksmåling vil vere ein føremon
  • det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Søkjar må ha stor arbeidskapasitet, entusiasme for forsking og vere ansvarsmedviten
  • søkjar må dokumentere evne til å jobbe sjølvstendig, vitskapleg kreativitet, og å kunne samarbeide med andre

Vi kan tilby:

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan kliniske studiar, fedme og ernæring
  • Løn etter lønssteg 51 (kode 1108/lønsramme 25.5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 449 400 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde (Her må dei einskilde fakulteta ta stilling til kor mange og i kva for form vitskaplege arbeid skal sendast inn)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Jutta Dierkes, e-post: jutta.dierkes@uib.no: Telefon 55577344 eller
  • Professor Gunnar Mellgren, e-post: gunnar.mellgren@uib.no: telefon 55974366

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS