Stilling:

Forskar (mellombels) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS)

Søknadsfrist 03.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS) er det ledig ei 20 % mellombels stilling som forskar i 6 månader, med start så snart som mogleg. Stillinga er finansiert av gåveforsterkingsmidlar frå Norges forskningsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • fysioterapibehandling av pasientar i forskingsprosjekt om kneartrose, samt koordinering og utføring av kontrollar med pasientmålingar
  • utgreie bruk av ny teknologi, Laser/Virtual Reality i fysioterapeutisk praksis
  • utvikling og beskriving av forskingsprosjekt
  • skrive søknadar om ekstern finansiering av forskingsprosjekt

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • må kunne norsk på høgt nivå, munnleg og skriftleg
  • søkjar må ha omfattande teoretiske kunnskapar om kneartrose og laserbehandling
  • søkjar må ha stor arbeidskapasitet, entusiasme for forsking og vere ansvarsmedviten
  • søkjar må dokumentere evne til å jobbe sjølvstendig, vitskapleg kreativitet, og å kunne samarbeide med andre

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan fysioterapibehandling av muskel- og skjelettlidingar
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1108/lønsramme 25.5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 449 400 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon.
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • eventuelle publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Jan Magnus Bjordal e-post: Jan.Bjordal@uib.no, tlf.: +4755586037

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS