Stilling:

Forskar (mellombels) - Institutt for Biomedisin

Søknadsfrist 10.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Det Medisinske fakultet, Institutt for Biomedisin, er det ledig ei mellombels stilling som forskar i 1,5 år (100 %).

Stillinga er knytt til prosjektet “N-terminal acetylering av peptidhormoner”, finansiert av Novo Nordisk Fonden.

Arbeidsoppgåver:

Koordinere og utføre aktivitetar knytt til forskingsaktivitetar i laboratoriet, så som:

  • proteomikkanalysar (preparering av prøvar og dataanalyse)
  • cellelab-arbeid
  • gel elektroforese og Western blotting
  • fellesplikter i laboratoriet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • må ha norsk mastergrad i molekylærbiologi eller tilsvarande kompetanse
  • må beherske engelsk på høgt nivå, munnleg og skriftleg
  • søkjar må ha omfattande teoretiske kunnskapar om proteomikk
  • søkjar må ha erfaring med kvantitative proteomikkanalysar og preparering av prøvar for analyse
  • det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Søkjar må ha stor arbeidskapasitet, entusiasme for forsking og vere ansvarsmedviten.
  • søkjar må dokumentere evne til å jobbe sjølvstendig, vitskapleg kreativitet, og å kunne samarbeide med andre

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan proteinmodifiseringar
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1108/lønsramme 25.5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 449 400 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • eventuelle publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
  • dokument merka «Proteomikk» der du spesifikt nemner kva proteomikkanalysar du har erfaring med
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Thomas Arnesen, e-post: thomas.arnesen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS