Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar (mellombels) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 04.08.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei mellombels stilling som forskar (100 %) for ein periode på 5 månader. Stillinga er knytt til prosjekt «AML Vaccin», finansiert av Det medisinske fakultet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet fokuserer på utvikling av ein ny vaksinebasert terapi for behandling av akutt myelogen leukemi (AML). Søkjar vert forventa å utvikle og generere nye modellar av akutt myelogen leukemi, som ikkje berre vil behandle humane AML-celleliner og pasientledd materiale, men også komponentar i det humane immunsystemet. Søkjar vil dessutan vere ansvarleg for utføringa av in vivo-studiar for å vurdere terapiverknad.

Hovudmål:

  • Analyse av utviklinga av ein immunkompetent pasientavleia xenograftmodell av akutt myelogen leukemi
  • Immunofenotyping av xenotransplanterte immunsystem i mus
  • Evaluering av ein ny vaksinebehandling i AML-modellar
  • Evaluere kombinasjonsbehandlingar med immune kontrollpunktshemmarar i AML-modellar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Relevant MSc eller PhD eller anna tilsvarande utdanning
  • Erfaring med terapi utvikling kobla til immunologi, hematologi og onkologi
  • Erfaring med flytcytometri er ein føremon
  • Søkjar bør ha lang erfaring med å dyrke celleliner og primærcellemateriale for generering av xenografiske mus-modellar
  • Erfaring med laboratoriedyr er obligatorisk, og det vert forventa at ein er komfortabel med preparering og administrasjon av stoff
  • Søkjar må har erfaring i rådgjeving, undervisning, skrive manuskript og fortrinnsvis søknadar
  • Personlege ferdigheiter, inkludert evner til å jobbe sjølvstendig og samarbeide i ei forskargruppe, vil bli lagt vekt på
  • Må kunne flytande skriftleg og munnleg engelsk. Erfaring med internasjonalt samarbeid er ein førmon
  • Søkjar må vere motivert og ansvarleg, og også ha god arbeidsevne og entusiasme for forsking

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan hematologi og onkologi
  • løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1109/lønsramme 24.3 – 24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 523 800 – 552 800 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS