Stilling:

Forskar (Klinisk institutt 2)

Søknadsfrist 24.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %). Stillinga er eksternt finansiert av Bergens forskningsstiftelse (BFS), og er for tida knytt til prosjekt «Mohn ernæringsforskningslaboratorium». Prosjektet har ei førebels finansiering på fire (4) år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Informasjon om Mohn ernæringsforskningslaboratorium: https://www.uib.no/ernaring/119067/about-mohn-nutrition-research-lab#https://www.uib.no/ernaring
  • Prosjektet skal studere samanhengen mellom vektendring og endring i metabolismen, og om slike endringar kan vere knytt til helseeffektar i eit langtidsperspektiv ved hjelp av populasjonsbaserte studiar og studiar av hospitaliserte pasientar, særleg med tanke på hjarte- og karsjukdom. Saman med andre forskarar skal vi studere grunnleggande molekylære mekanismar av metabolismen i feittvev hos menneske og i dyremodellar, og vi ønskjer å vise kausale samanhengar for korleis fedme og underernæring kan førebyggast og behandlas i randomiserte kliniske studiar.
  • Forskaren skal ha ansvaret for å gjennomføre klinisk epidemiologiske studiar innan ovannemnde føremål som skissert i forskingsprotokollen, rettleie forskarstudentar og utarbeide prosjektsøknadar for ytterlegare å fremme forskinga innan forskingsfeltet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
  • forskaren må ha vitskaplege kvalifikasjonar innan klinisk-epidemiologisk forsking, særleg med fokus på hjarte- og karsjukdom
  • forskarar med erfaring også innan molekylær forsking vil verte tillagt stor vekt
  • søkjar må ha erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar, og skriving av rapportar
  • personlege eigenskapar inkludert evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
  • kandidaten må vere motivert og ansvarleg, og ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk
  • det er ein særleg stor føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan ernæringsrelatert livsstilssjukdom
  • løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1109/lønsramme 24.3 – 24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 508 800 – 537 700 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pdf) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgjande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til
  • både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie masterstudentar og ph.d.- kandidatar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
  • forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Ottar Nygård, tlf.: + 47 55 97 30 64/+ 47 414 94 540 eller e-post: ottar.nygard@helse-bergen.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS