Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar i organisk kjemi - termokjemisk omdanning av biomasse -

Søknadsfrist: 10.11.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei 80 % mellombels stilling som forskar i organisk kjemi – termokjemisk omdanning av biomasse. Stillinga er for ein periode på 13 månader og knytt til EU-prosjektet Arbaheat. Stillinga inngår i den tverrfaglege satsinga på bioøkonomi/fornybar energi ved Kjemisk institutt.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Forskaren skal inngå i eit team som utviklar eit bioraffineri-konsept basert på dampeksplosjon av trevirke og plantemateriale for produksjon av brune pellets som kan erstatte kull i varmekraftverk. Forskaren vil ha særleg ansvar for kartlegging av organiske biprodukt som kan utvinnast til kommersiell bruk, og reduksjon av biprodukt som gir pellets ei uønskt lukt. Det medfører bruk av eit breitt spektrum analyseteknikkar, og særleg GC-MS, NMR og HPLC. Organisk laboratoriearbeid vil utgjere ein vesentlig del av arbeidsoppgåvene.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor kjemi eller ha levert avhandlinga til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå termokjemisk omdanning av biomasse er eit krav
  • Erfaring frå organisk analyse av produkt frå termisk omdanning av biomasse ved hjelp av kromatografiske metodar er eit krav
  • Erfaring med multivariat forsøksplanlegging og tolking av eksperimentelle data er ein føremon
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1109/LR24, alternativ 3) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 523 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS