Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar i nanofysikk (mellombels)

Søknadsfrist: 14.04.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei mellombels stilling som forskar i nanofysikk. Stillinga er for ein periode på 20 månader og knytt til FORNY-prosjektet “Icephobic Graphene Coating” med støtte frå Norges Forskingsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Utvikle og karakterisere nye isofobiske belegg

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.–grad innanfor fysikk.
  • Søkjararar må kunne dokumentere kjemikunnskapar tilsvarande bachelornivå eller liknande
  • Erfaring med samarbeid med andre forskargrupper er ein fordel
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, men også ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Då denne stillinga krev kontakt og samarbeid med norsk industri (partnarar), må søkjarar ha gode norskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga: Søkjarar må dokumentere god kjennskap til og erfaring frå feltet nanofabrikasjon, samt erfaring med karakteriseringsteknikkar som atomkraftmikroskopi (AFM), elektronstråle-litografi (EBL) etc. Vidare må søkjarar ha god kjennskap og erfaring med heliumion-mikroskopi; ein teknikk som vil vere svært sentral i karakteriseringa av dei nye belegga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Bodil Holst, Institutt for fysikk og teknologi, bodil.holst@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS