Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar i molekylær utviklingsbiologi

Søknadsfrist: 02.09.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar i molekylær utviklingsbiologi

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for biovitenskap er det ledig ei mellombels stilling som forskar i molekylær utviklingsbiologi, med oppstart rundt 1. oktober 2019. Ved oppstart 1. oktober vil stillinga ha ein varigheit på 16 månadar. Forskarstillinga er knytt til forskargruppa til Andreas Hejnol sitt EU finansierte prosjekt The evolution of mesoderm and its differentiation into cell types and organ systems (EVOMESODERM).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Hejnol si gruppe bruker morfologiske, molekylære og genetiske verktøy til å studere eit vidt spekter av virvellause dyregrupper, der målet er å forstå evolusjonen og utviklinga av organsystem hos evertebratar.Dette prosjektet går ut på å karakterise rolla til Wnt-signalvegen og signalformidling i to-dimensjonal cellepolaritet (planar cell polarity/CPC signalling) i den embryonale utviklinga hos ulike dyr. Arbeidet involverer blant anna å etablere, bruke og optimalisere funksjonelle verktøy i ulike marine evertebratar, som overutrykk av mRNA og CRISPR/Cas 9 mediert knock-out/knock-in av gen, for å undersøka rolla til Wnt/CPC i organismane sine utviklingsstadium.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor biovitskapleg fagretning eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med bruk av funksjonelle verktøy (CRISPr/Cas9 eller morpholino) i utviklingsbiologi er eit krav.
  • Arbeidserfaring med marine evertebratar og tidleg utvikling er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Det vil bli lagt vekt på kandidatanes mogeligheit til å tiltre så nært 1.10.19 som mogleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Vi kan tilby:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59-67 (kode 1109/lønsramme 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 523 200-605 500 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prof. Andreas Hejnol, Institutt for biovitenskap, Universitet i Bergen. Tlf. +47 55 58 43 28, email: Andreas.Hejnol@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS