Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar i marin biogeokjemi – evaluering av modellar og analyse av effekt av klimaendringar

Søknadsfrist 26.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Forskar i marin biogeokjemi – evaluering av modellar og analyse av effekt av klimaendringar

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar i marin biogeokjemi – evaluering av modellar og analyse av effekt av klimaendringar

Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforsking er det ei ledig stilling som forskar innan marin biogeokjemi og evaluering av jordsystemmodellar. Stillinga er knytta til prosjekta LOES (Bjerknessenteret), EU H2020 CRESCENDO og EU H2020 COMFORT (under kontraktsforhandling) og har ei varigheit på 24 månader.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett skal analysere og evaluere resultat frå den globale jordsystemmodellen NorESM og andre globalt kopla jordsystemmodellar. Oppgåvene er:

  • Evaluering av biogeokjemiske resultat av modellkøyringar av historiske, notidige og framtidige effekter basert på observasjonar og andre modellar, med fokus på a) dei økonomiske sonene og b) verdshava. (Kor godt fungerer modellane i høve til den verkelege verda?).
  • Analyse av effektar av klimaendringar på marine økosystem og økosystema sine eigne bidrag som nyttar ulike datagrunnlag. (Kva effekt av klimaendringar vil kunne skje i dei ulike scenaria?)
  • Identifisering av brå endringar (sokalla vippepunkt) i havet sin biogeokjemiske og fysiske tilhøve som følgje av menneskapt påverknad, med fokus på oppvarming, karbontransport, pH-verdi, næringsstoff og oksygensirkulasjon. (Kor er områda som er mest utsett for slike raske endringar?)
  • Ha ambisjonar om å utvikle eit analyseverkty som handterer alle aspekta som er nemnt over.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d -grad eller tilsvarande utdanning innanfor i oseanografi, meteorologi, fysikk, matematikk, biologi, geologi, eller andre relevante fagområde eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Den som vert tilsett må ha ein solid fagkompetanse innan marin biogeokjemi og klimamodellering, og ha god kunnskap innan generell jordsystemdynamikk
  • Eksellente ferdigheiter innan handtering av store datasett i kombinasjon med kunnskap innan metodar for berekningar og analyse
  • Ferdigheiter på høgt nivå innan vitskapleg programmering og erfaring frå tungrekning er eit krav
  • Evne til å arbeide tverrfagleg er eit krav
  • Kjennskap til rammebetingelser for risikoanalyse og/eller kvantifisering av effekt av klimaendringar er ein føremon
  • Erfaring frå marine biogeokjemiske modellar er og jordsystemmodellar er ein føremon
  • Gode ferdigheiter i skriftlig og munnleg engelsk er naudsynt
  • Den som vert tilsett vil arbeide i ein stimulerande forskingsmiljø og bør ha gode samarbeidsevner og vere proaktiv.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Vi kan tilby:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Publikasjonar, vitskaplege arbeid som du ønskjer at det skal verte teke omsyn til ved vurderinga(ikkje meir enn 10) og ei liste over desse
  • Doktorgradsavhandlinga

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Christoph Heinze, Geofysisk institutt, e-post: christoph.heinze@uib.no, tel.: +47 55589844

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS