Stilling:

Forskar i enæringsfysiologi i atlantisk laks (165204)

Søknadsfrist 12.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar i enæringsfysiologi i atlantisk laks

Ved Institutt for biovitskap er det ledig ei stilling som forskar i ein periode på 12 månader innan ernæringsfysiologi i fisk i forskingsgruppa Marin utviklingsbiologi.

Stillinga er knytt til NFR-prosjektet "QMAR- Unlocking the nutritional and technical quality potential of marine rest-raw materials in sustainable salmon feeds".

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

QMAR har til hensikt å utvikle nye fiskemateriale frå lite utnytta råvarer av fisk og krill, og auke effektiviteten og bærekrafta av fiskeernæring i akvakultur. Ei sentral oppgåve i prosjektet er å kartlegge grunnleggande mekanismar for appetitt og vekst i laks, inkludert nøkkelsignalveier i tarmhjerneaksen, og korleis dei vert påverka av utvalte råvarer.

Kandidaten vil karakterisere korleis og i kva grad bestemte diettbestanddeler påverkar endokrin appetittkontroll (orexigene og anorexigene neuropeptider) og inntak av fôr. I tillegg vil kandidaten utføre grunnleggjande karakterisering av utvalde næringssensorar i mage-tarmkanalen og undersøke korleis desse er knytt til signalvegar involvert i kontroll av appetitt og vekst. Kandidaten skal utføre analyser som testar fôringrediensar i cellebaserte studiar.

Kandidaten vil bruke ei rekke molekylære og cellulære metodar, inkludert kloning, qPCR, celletransfeksjonar og reseptoraktivering. Kandidaten vil samarbeida tett med andre forskarar og studentar i forskningsgruppa.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjaren må ha fullført doktorgrad i fysiologi, endokrinologi, molekylærbiologi, ernæring eller anna relevant felt før søknadsfristens sluttdato.
  • Det er ein fordel dersom kandidaten har dokumentert erfaring som er direkte eller nært knytt til det viktigaste arbeidet som er skildra.
  • Kandidaten må ha arbeidserfaring med molekylære og cellebiologiske metodar og teknikkar (for eksempel kloning, qPCR, ISH, dyrecellekultur).
  • Erfaring med eksperimentelt arbeid på fisk, helst er atlantisk laks ein fordel.
  • Søkjaren må ha god arbeidsevne og entusiasme for forsking og kunne arbeide sjølvstendig og i nært samarbeid med andre på en strukturert måte.
  • Søkaren må vere dyktig på både skriftlig og munnleg engelsk.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 59-67 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200-597 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga, samt korleis egen bakgrunn passar til stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til tre referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, eventuelt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Ivar Rønnestad (Ivar.Ronnestad@uib.no), Institutt for biovitenskap Tlf. 55583586

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS