Stilling:

Forskar i enæringsfysiologi hos atlantisk laks (165190)

Søknadsfrist 11.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar i enæringsfysiologi hos atlantisk laks

Ved Institutt for biovitskap er det ledig ei mellombels stilling som forskar innan ernæringsfysiologi hos laks i forskingsgruppa Marin utviklingsbiologi.

Stillinga er for ein periode på 12 månader og er knytt til NFR-prosjektet " LeuSENSE - Exploring leucine’s role in feed intake and growth under stress: from sensing to action"

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

LeuSENSE tar sikte på å undersøke korleis leusin regulerer fôrinntaket og påverkar metabolismen, inkludert muskelvekst og fettavsetning i Atlantisk laks under normale og stressa forhold. Prosjektet skal beskriva korleis leucin aktiverer næringsreseptorar i mage-tarmkanalen og utløyser signalvegar kopla til kontroll av appetitt og vekst.

Kandidaten vil karakterisere leusin-spesifikke tarm næringsreseptorar (tilhøyrer G-proteinkobla reseptor familien) og undersøke frisetjinga av tarmhormon og aktivering av tarm-hjerne aksen. Kandidaten vil undersøke korleis og i kva grad leucin påverkar endokrin appetittkontroll (orexigene og anorexigene neuropeptid) og fôrinntak under normale og allostatiske forhold og beskrive signalvegane som er involvert i disse prosessane.

Kandidaten vil bruke ei rekkje molekylære og cellulære metodar, inkludert kloning, qPCR, celletransfeksjonar og reseptoraktivering. Kandidaten vil også kunna bruka histologiske teknikkar som in situ hybridisering eller immunohistologi. Kandidaten vil samarbeide tett med andre forskarar og studentar i prosjektet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkaren må ha fullført doktorgrad i fysiologi, endokrinologi, molekylærbiologi, ernæring eller anna relevant felt før søknadsfristens sluttdato utløper.
  • Det er en fordel dersom kandidaten har dokumentert erfaring som er direkte eller nært knytt til det viktigaste arbeidet som er skildra.
  • Kandidaten må ha arbeidserfaring med molekylære og cellebiologiske metodar og teknikkar (for eksempel kloning, qPCR, ISH, dyrcellekultur).
  • Erfaring med eksperimentelt arbeid på fisk, Atlantisk laks ein fordel.
  • Søkaren må ha god arbeidsevne og entusiasme for forsking og kunne arbeide sjølvstendig og i nært samarbeid med andre på en strukturert måte.
  • Søkaren må være dyktig på både skriftlig og munnleg engelsk.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 59-67 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200-597 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga, samt korleis egen bakgrunn passar til stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til tre referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, eventuelt ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Ivar Rønnestad (Ivar.Ronnestad@uib.no), Institutt for biovitenskap Tlf. 55583586

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS