Stilling:

Forskar i eksperimentell reservoarfysikk (mellombels)

Søknadsfrist 01.04.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i engelsk lingvistikk - to stillingar

Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen lyser ut to faste stillingar som førsteamanuensis i engelsk lingvistikk ved Institutt for framandspråk. Startdato for dei som blir tilsett, er 1. januar 2020 eller så snart som råd deretter.

Institutt for framandspråk (IF) har i overkant av femti fast vitskapleg tilsette, elleve administrativt tilsette, fire postdoktorar og om lag tjue ph.d.-stipendiatar. Ved instituttet blir det forska og undervist i faga arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk og spansk språk og latinamerikastudium. Engelsk er det største av desse faga og har for tida femten fast vitskapleg tilsette: seks innanfor litteraturdisiplinen, seks i lingvistikk (inkludert desse stillingane) og tre i fagdidaktikk. Faget tilbyd kurs på alle nivå i desse disiplinane, inkluderert lektorutdanning.

Instituttet og fakultetet har ei rekkje forskargrupper og avtalar om utveksling og samarbeid med land i Europa, Afrika, Asia, Nord- og Latin-Amerika, i tillegg til samarbeid med andre norske universitet og høgskular. Det blir forventa at dei som får stillingane, tek del i og utviklar forskingssamarbeid mellom engelskfaget ved Universitetet i Bergen og andre relevante forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Til stillingane som førsteamanuensis i engelsk lingvistikk ligg det forsking på engelsk språk, rettleiing, undervisning, utvikling av kurs og eksamensarbeid på alle nivå, i tillegg til administrative plikter innanfor faget og instituttet.

Dei som blir tilsett, må kunne dokumentere språkvitskapleg breidde i forsking og undervisning. Kandidatar med særlege kvalifikasjonar innan to fagområde, t.d. morfologi, semantikk, historisk lingvistikk, sosiolingvistikk, språktileigning eller pragmatikk, blir prioriterte.

Dei som blir tilsett, skal kunne undervise på eit breitt spekter av kurs i engelsk lingvistikk på bachelor- og masternivå og meir spesialiserte og djuptpløyande kurs, i tillegg til å rettleie studentar på alle nivå og ph.d.-stipendiatar. Undervisning og rettleiing innanfor lektorutdanninga er ein del av stillingane.

Instituttet legg til grunn at dei som blir tilsett, tek del i den kontinuerlege utviklinga av forskingsmiljøet. Dei bør ha dokumentert kompetanse innan prosjektleiing, koordinering av forskingsaktivitet og strategisk forskingsplanlegging. Det kan søkjast om opprykk til professor etter ei akademisk kompetansevurdering basert på retningslinene frå Undervisningsdepartementet.

Undervisningsspråket er engelsk, men det er forventa at dei tilsette innan to år kan norsk eller eit anna skandinavisk språk godt nok til å utføre administrative oppgåver. Universitetet tilbyd norskkurs for utanlandske arbeidstakarar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha norsk doktorgrad eller tilsvarande i det relevante fagfeltet. Erfaring frå undervisning og rettleiing på bachelor- og masternivå i engelsk lingvistikk er ein føresetnad. Dei tilsette må kunne dokumentere pedagogisk opplæring for høgare utdanning. Der dette kravet ikkje er oppfylt ved tilsetjing, vil dei som får stillingane, få tilbod om pedagogisk basisutdanning.

I vurderinga av søkjarane blir det lagt vekt på:

  • kvalitet og relevans i forsking og publisering (sett i lys av stadiet i karrieren)
  • relevant bakgrunn for innhaldet i stillinga, slik det er skissert over
  • pedagogisk kompetanse
  • stipend, prisar og forskingsprosjekt

Søkjarane vil bli vurderte og rangerte av ein sakkunnig komité, som vil leggje hovudvekta på forskinga til kandidatane. Dei best kvalifiserte vil bli inviterte til intervju og bedne om å gje ei prøveforelesing.

Det blir òg lagt vekt på om søkjarane er personleg skikka for stillingane.

Alle tilsette må, utan omsyn til akademisk spesialisering, dele på ansvaret for å utvikle faget og kurstilbodet, og alle må vere villige til å ta på seg administrative oppgåver. Den tilsette blir forventa å undervise på alle nivå. Tilsette kan bli sette til undervisning, rettleiing og eksamensarbeid innanfor eige fagfelt også utanfor instituttet dei er tilsette ved. Den tilsette har sin daglege arbeidsplass ved instituttet i Bergen.

Vi kan tilby:

  • løn i lønssteg 64 (kode 1011/lønsramme 24) i statens lønsregulativ. Dette utgjer ei årsløn på 565.100 kr før skattetrekk. Vidare lønsopprykk etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • medlemskap i statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal sendast elektronisk og innan fristen via lenka SØK STILLINGEN på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • CV som inkluderer ei fullstendig liste over akademiske publikasjonar
  • vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullførte gradar (skanna versjon av originalar eller rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning)
  • informasjon om og dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar
  • opplysningar om administrativ erfaring og andre relevante kvalifikasjonar
  • opp til fem forskingsarbeid
  • tre referansepersonar med kontaktinformasjon

Komiteen kan be om tilleggsdokumentasjon ved behov.

Søknaden med alle vedlegg må vere lasta opp i Jobbnorge innan søknadsfristen, anten som word- eller pdf-fil. Der originalen ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må det leggjast ved attesterte omsetjingar til eit av desse språka.

NB: Søknadene blir vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til fakadm@hf.uib.no.

Søknadsfrist: 01.04.2019

Merk søknaden: 19/2297

Generell informasjon

Interesserte kan få meir informasjon om stillingane frå:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillingane.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS