Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar (50 %, mellombels) - Institutt for biomedisin

Søknadsfrist: 06.10.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar (50 %, mellombels)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei mellombels stilling som forskar (50 %) for ein periode på inntil to (2) år. Stillinga er knytt til prosjekt «Effects of Nutrition and Lifestyle on Impulsive, Compulsive, and Externalizing behaviours; Eat2beNICE» finansiert av EUs Horizon 2020 Forsking og innovasjonsprogram.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Hovudfokus for prosjektet er å påvise ernæring- og livsstilsfaktorar som har positiv eller negativ effekt på impulsivitet, uoppmerksemd, ikkje planlagt åtferd, aggressiv/antisosial åtferd, emosjonsreguleringsproblem, tvang og avhengigheit ved analyse av store befolkningsdata.

Hovudmålet for stillinga er å nytte epidemiologiske metodar for å undersøkje samanhengar mellom ernæring og livsstil med impulsivitet og tvang og korleis dette er påverka av alder, kultur, kjønn, sosioøkonomisk status og genetikk. Forskaren vil primært nytte registerdata og biologiska data innsamla i Den norske mor barn-studien (MoBa) https://www.fhi.no/en/studies/moba/ og andre store register. Forskaren vil undersøkje korleis kjønn og genetiske faktorar påverkjer effekten ernæring og livsstil på denne åtferda.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad innan medisinsk statistikk, epidemiologi, ernæring eller tilsvarande disiplin, med tilstrekkeleg bredde/djupne av kunnskap i statistikk og klinisk epidemiologi
  • søkjar må ha erfaring i bruk av statiske metodar for å analysere store epidemiologiske datasett
  • erfaring i databehandling av store datasett
  • erfaring med bruk av statistiske metodar, analyseplaner, studiedesign, og styrkeberekningar
  • det er ønskjeleg at vedkomande har erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar
  • evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
  • kandidaten må vere motivert og ansvarsmedviten, og også ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk
  • det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan epidemiologi
  • løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1109/lønsramme 24.3 – 24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 490 600 – 518 500 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til
  • både seg sjølv og andre, frå Norges forskningsråd, EU og andre kjelder
  • det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan Universitetet i Bergen
  • forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-
  • studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i
  • forskingsgruppa
  • forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Jan Haavik, tlf.: 55 58 64 32 eller e-post: Jan.Haavik@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS